«Skogfinnar er ikkje ein gamal utdøydd etnisitet»

Johanna Lumi Breivang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Identitet, kultur, språk. Kor blei det av? Det er mange som kjenner mykje smerte rundt dette spørsmålet. Sinte for kva vi gjekk glipp av, både av språk og kultur. Opp i all denne «sorga» er det vanskeleg å hugse på at vi har ei framtid å kjempe for au.

Det er mykje som må bli sagt om skogfinnar og vår framtidige kamp.

Det er så lett å henge seg opp i skogfinnar som historisk gruppe, og å fokusere på kven og kva vi kjempar mot, at fokuset går heilt bort frå at skogfinsk er ein levande kultur. Det finst skogfinnar i dag.

Endeleg har vi klart å organisere oss. 

Ei rørsle får fotfeste

Så seint som i januar 2021, fylka folk til ei foreining som kjempar for skogfinnar sine rettar. Allereie på første årsmøte kom det mange optimistiske mål inn i vedtektene. Her er det blant anna verdt å nemne eit mål for å revitalisere språket og å sikre kvaliteten på skogfinsk museum.

Foreininga vår er ganske ambisiøs i sine formål. Det er flott at vi har ein såpass solid start!

Vedtektene skildrar formålet sitt sånn:

Foreininga har til formål å fremja skogfinnar sin identitet, rettar og deltaking som nasjonal minoritet, synleggjera deira historie og kultur, arbeide for revitalisering av språk, og elles ta opp saker som er forbundne med dette. 

Som organisert sjølv i både Kvääninuoret og Norsk Målungdom, er det flott å sjå at det er fleire organisasjonar som dukkar opp som eg kan potensielt føle meg heime i. Det er flott å sjå ei rørsle få fotfeste.

Vi treng at dei nasjonale minoritetane får organisert seg i fleire arenaer.

Skogfinsk på dagsordenen

Sjølv har eg vist mitt engasjement på nett i det siste. Eg har fått mange følgarar på mine brukarar for «Ung Skogfinne». Mange fekk interesse for og engasjerte seg i innhaldet mitt, og dette synest eg er ganske lovande for både miljø og det å bli synleg.

Skogfinsk er ein levande kultur

Skogfinnefakta på Instagram har vore ein stor inspirasjon for meg i å byrja arbeidet mitt. At organisasjonen blei stifta er det som verkeleg dytta meg over til at eg må vise meg fram!

Vi har klart å organisere oss og setje skogfinsk på dagsordenen. Opp i alt dette er det viktig at vi får plass til ungdommen. Det er trass alt vi som kjem til å vera framtidas forkjemparar av vår kultur og identitet, kanskje til og med språk.

Eg håper at faktumet at eg står fram au inspirerer.

Utdaterte mytar

Det er framleis ganske mange ekle, utdaterte eller rare haldningar mot skogfinnar, norskfinnar og kvenar.

Det finst mange mytar om skogfinnar. Etter det som står i ordboka, skulle ein tru vi var alle over 500 år gamle. Så mytane blir framheva sjølv på offisielt hald.

Skjermdump frå Instagram @nuorimetsaa (Ung Skogfinne)

Skogfinnar er ikkje ein gamal utdøydd etnisitet. Det er eit folk som lever enno i dag, og som er i alle aldrar.

For å ramse opp litt fakta:

  1. Det finst no ei foreining for skogfinnar i Noreg. Skogfinneforeininga har mange mål rundt kultur, identitet, politikk og språk. Svenske skogfinnar har byrja å organisere seg i tillegg.
  2. Republikken Finnskogen har til no vore den einaste arenaen der ein kan vise fram skogfinsk kultur og identitet. Dette er meir festival enn det er snakk om ein autonomisk lausriven republikk.
  3. Norsk Målungdom og andre språkorganisasjonar burde komma med stilling til det skogfinsk språk-spørsmålet, noko som Skogfinneforeininga allereie har gjort.
  4. Fleire burde anerkjenne at skogfinsk kultur er levande i dag.
  5. Skogfinsk språk, kultur og folketru er noko som blei fråtatt oss. Dette av fornorskinga. Vi må ha eit oppgjer med dette, og ikkje få det til å verke mindre alvorleg enn det er.
  6. Skogfinnar finst i dag over heile landet, sjølv om mange av oss har nyleg opphav i Finnskogen.
  7. Finnskogar finst i både Sverige og Noreg, men skogfinnar har vårt opphav fleire hundre år sidan, i det som i dag blir Finland og Russland, regionane Savolax, Tavastland og Karelia (som delvis er i Russland i dag). Det er ei lang, komplisert og kronglete historie.
  8. Staten har endeleg godkjent eit museum for skogfinnar. Dette har vore ein kamp i mange år, som enno ikkje er over før bygga står, og er i drift med relevante utstillingar.

Sorga over eit daudt mål

Vi bur i heile landet. Det er ikkje slik at vi alle lever på Finnskoga i Hedmark. Eg har mitt opphav i Hedmarka i Innlandet, men eg bur i Trondheim, og eg veit at mange skogfinnar bur i blant anna Oslo.

Eg pratar trøndersk, skriv nynorsk og kan ein del finsk. Språksituasjonen er altså varierande for oss, men fellestrekket mellom oss er at vi oftast pratar norsk eller svensk. Mange av oss, inkludert meg sjølv, ber altså den sorga av at det gamle målet vårt er daudt.

Både skogfinnar og finnskogar finst over heile landet. Det kan vera verdt å merke at mange har flytta både Nordafjells og vest for Glomma. Det er snakk om kultur og identitet som strekker seg lengre enn eitt skogsområde.

Lell, er det jo verdt å merke seg at vi blir mest synlege under Republikken Finnskogen. Dette er ein festival som viser fram kva Finnskogen har å by på, og er i kjerneområdet av kor skogfinnar har budd historisk. Dette betyr ikkje at mange av oss ikkje er urbane, for det er vi.

Det er mykje som har skjedd i den tidlegare delen av 2021, og det er mykje som skal skje! Eg gler meg til å sjå kva både nettrørsla og foreininga har å by på framover.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no

Marielle Rodrigues (13) frå Øygarden skreiv ei skuleoppgåve der ho tek eit oppgjer med nedsetjande kommentarar jenter vert møtt med. Foto: Privat