Ein av ti fullfører ikkje førstegongstenesta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det betyr at litt over 10 prosent fell frå. Men dei aller fleste som ikkje gjennomførte førstegongstenesta i 2021, fall frå før dei møtte opp, viser statistikk Forsvarets forum har fått frå Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS).

Helseutfordringar

I alt 1244 innkalla vernepliktige i 2021 møtte ikkje opp på innrykksdagen, mot 961 totalt i 2019. I 2019 vart 658 vernepliktige dimitterte etter dei to første dagane i rekrutten. I 2020 var talet nede på 417, medan det i 2021 var 487.

Den største grunnen til at soldatane fall frå, var helseutfordringar, får Forsvarets forum opplyst. Blant dei som dimitterer tidleg, er det mellom 20 til 40 prosent som gjer det på grunn av psykisk helse.

I skikkeleg god fysisk form

Sersjantmajor Guttorm Bentdal i Forsvarsstaben fortel at ein ny trend blant soldatane er at nokre av dei er i skikkeleg god fysisk form.

– Desse har vakse opp på treningssenteret og drive med idrett store delar av sitt liv. Samtidig har du ein god del som er i ganske dårleg form, og deretter dei i midten, som ikkje er så mange.

Bentdal, som er 57, fortel at då han sjølv voks opp, var det atskilleg færre som var veldig godt trena, men det var mange som låg i midten, som var i ganske god form.