USA: «Gaslighting» kåra til årets ord

Ordbokredaktøren i Merriam-Webster er overraska over kor fort ordet har sigla fram.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske ordboka Merriam-Webster har kåra gaslighting til årets ord.

Gaslighting tyder å psykologisk manipulere nokon over ei lengre periode, slik at offeret stiller spørsmål ved eigne tankar, minne og oppfatningar av verda. Det tyder òg å villeie andre, særleg for å gagne seg sjølv.

Søk etter ordet auka med 1740 prosent i 2022.

– Det er eit ord som har stige så raskt i det engelske språket, og særleg dei siste fire åra, at det faktisk overraska både meg og andre, seier Peter Sokolowski til AP News. Han er redaktør i Merriam-Webster.

Nyheitsprega toppliste

Vanlegvis plar årets ord vere knytt til ei enkelthending, som gjer at tallaust med folk slår opp ordet i ei gitt periode. Men gaslighting har vorte slått opp jamt og trutt, kvar einaste dag.

Nokre av dei andre glosene på årets toppliste er derimot knytte til enkelthendingar frå 2022.

Etter at Russland invaderte Ukraina, og land reagerte med å innføre sanksjonar mot oligarkar, så auka søk etter oligarch med 621 prosent.

Codify, som på norsk vert å kodifisere, auka i samband med at Høgsterett i USA omgjorde Roe v. Wade. Ordet hadde fleire søketoppar, men størst då president Joe Biden tok til orde for å kodifisere retten til abort. Då auka søk på ordet med 8304 prosent.

Søk på ordet raid skaut i vêret etter at FBI ransaka Mar-a-Lago, heimen til Donald Trump.

Dette er dei andre orda på topplista:

  • Oligarch
  • Omicron
  • Codify
  • LGBTQIA
  • Sentient
  • Loamy
  • Raid
  • Queen Consort

Jane-Victorius Bonsaksen (Foto: Ingvild Eide Leirfall), Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph (foto: @firecroft) og Finn Schjøll (foto: Eivind Senneset/TV2).