FHI: Auka førekomst av menstruasjonsforstyrringar etter Pfizer-vaksine blant unge jenter

Det er auka førekomst av menstruasjonsforstyrringar etter koronavaksinasjon med Pfizer hos jenter frå 12 til 15 år, ifølgje FHI.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er vanleg med menstruasjonsforstyrringar blant jenter i denne alderen, men førekomsten er høgare hos dei som har fått éin vaksinedose frå Pfizer, ifølgje ein studie frå Folkehelseinstituttet.

– 4,7 prosent av deltakarane rapporterte at den siste menstruasjonsblødinga før vaksinasjon var kraftigare enn det dei vanlegvis opplever. Etter vaksinasjon rapporterte fleire, 7,3 prosent, at den første menstruasjonsblødinga etter vaksinen var kraftigare enn vanleg, seier prosjektleiar og lege Lill Trogstad.


Illustrasjon mensen Canva