Ny studie: Koronavaksinen kan endre tidspunktet for mensen
Forsking stadfestar forskyvd mensen etter koronavaksine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at vaksinasjonen mot covid-19 starta for fullt i 2021, var det mange som melde frå om menstruasjonsforstyrringar.
Ein ny internasjonal studie stadfestar no at det er ein samanheng. Koronavaksinen kan endre tidspunktet for menstruasjonssyklusen, skriv The Washington Post.
Studien vart publisert i British Medical Journal.
Mensen om lag ein dag seinare
Forskinga baserer seg på app-data om menstruasjonen til rundt 20 000 personar frå Europa og Nord-Amerika. 14 936 av desse var vaksinerte, og 4686 uvaksinerte.
Dei vaksinerte rapporterte i snitt om éin dags forseinking i menstruasjonen. Nærmare bestemt fekk vaksinerte personar mensen 0,71 dagar forseinka i snitt etter den første vaksinedosen og 0.56 dagar etter andre vaksinedose.
Personar som hadde teke to dosar av vaksinen i løpet av ein menstruasjonssyklus, hadde større forstyrringar.
Mellombelse effektar
Alison Edelman, professor i obstetrikk og gynekologi, leia studien. Ho fortel at effektane av vaksinen for dei fleste var mellombelse.
Dei varte i éin syklus, før det var tilbake til normalen.
Ifølgje forskaren er det ingen indikasjonar på at biverknadane etter vaksinen påverkar fertiliteten.
Ho vonar informasjonen dei har funne gjennom studien kan verke tryggjande for folk.
– No kan vi gi folk informasjon om kva dei kan forvente rundt menstruasjonssyklusar.
Dårleg studert
Også i Noreg har Folkehelseinstituttet (FHI) fått mange meldingar om menstruasjonsforstyrringar etter koronavaksinen.
– Kvinnespesifikke symptom, som menstruasjonsforstyrringar, er dårleg studert. I eit kvinnehelseperspektiv er det viktig å setje fokus på dette, skriv Lill Trogstad i FHI til Framtida.no.
Ho er lege og prosjektleiar for FHI sine studiar av koronavaksine og menstruasjonsforstyrringar.
Trogstad fortel at menstruasjonsforstyrringar ikkje tidlegare har blitt rapportert etter vaksinasjon slik som under koronapandemien.
– Sjølv om menstruasjonsforstyrringane som er rapportert i hovudsak er kortvarige og forbigåande, er det viktig å kartleggje om dei oppstår tilfeldig i samband med vaksinasjon, eller om dei oppstår på grunn av vaksinasjon, seier ho.
Også Trogstad understrekar at det ikkje er funne haldepunkt for at covid-19-vaksinar reduserer moglegheita til å bli gravid, eller aukar risikoen for spontanabort.
Ho poengterer at menstruasjonsforstyrringar er svært vanleg blant kvinner i fertil alder. I tillegg til naturlege variasjonar i syklus og blødingsmønster kan blant anna stress, infeksjonar, annan sjukdom, hormonforstyrringar, vektendringar og skiftarbeid ha betydning.
– Difor er det vanskeleg å trekke endelege konklusjonar om årsakssamanheng med vaksinasjon.
Fleire symptom
FHI har studert fleire utfall, eller symptom, enn i undersøkinga til Edelman.
– Forskarane har dessverre ikkje studert om menstruasjonsblødingane blei kraftigare etter menstruasjon slik andre studiar har rapportert, og som vi også har funne i våre data. Men funna deira tydar på at covid-19-vaksinar kan påverke menstruasjonssyklus, fortel Trogstad.
FHI finn auka førekomst av kraftige blødingar og lenger blødingar, noko auka førekomst av kortare intervall mellom blødingane, mellomblødingar og smerter.
– Vi finn ein tendens til, men inga sikker auka sykluslengd, slik Edelman finn.
Også FHI sine undersøkingar tydar så langt på at menstruasjonsforstyrringane er forbigåande.
– Vi har innhenta nye data som vi vonar kan belyse korleis det ser ut no eit år etter, men desse er ikkje ferdig analysert.
FHI understrekar at sjukdom kan vere årsak til endringar i blødingar, og difor bør ein oppsøke lege ved vedvarande eller bekymringsfulle endringar.
Fakta
Dataa i studien er henta å appen Natural Cycles, som er ein app for å registrere og følgje med på menstruasjonssyklusen.
Dei fleste av deltakarane er frå Nord-Amerika, Storbritannia og Europa.
Sidan brukarane av appen registrerte menssyklusen kvar månad, var forskarane i stand til å analysere tre menssyklusar før vaksinen og minst éin etter, og samanlikne med fire menstruasjonssyklusar hjå dei uvaksinerte.