BSU-kutt: Unge Høgre meiner regjeringa driv med usosial bustadpolitikk

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke vart det endelege statsbudsjettet for 2023 lagt fram, og der vart det klart at regjeringa kuttar i Bustadsparing for Unge (BSU).

Frå neste år vil du berre få 10 prosent skattefrådrag på dei 27 500 kronene du kan setje inn i løpet av eit år. Fram til no har frådraget vore på 20 prosent.

– Det er direkte usosial bustadpolitikk, seier Emma Erlandsen.

Ho er nestleiar i Unge Høgre, og reagerer på at regjeringa kuttar i eit av dei einaste insentiva unge har til å spare til bustad.

– Vi veit at eigenkapital er ein av dei største barrierane for å kome inn på bustadmarknaden for unge. Då er det rart å kutte i denne ordninga, poengterer ho.

BSU løyser ikkje skilnader

Men ikkje alle er like glad i ordninga. Sosialistisk Ungdom (SU) meiner BSU er lite treffsikkert, og ikkje hjelp dei som faktisk treng det inn på bustadmarknaden.

Portrett av Anette Arneberg som står framfor vatn.

Anette Arneberg er 2. nestleiar i SU. Foto: SU

– Du må spare 27 500 for å kunne få skattefordelane, og det er ikkje alle unge som har så mykje pengar. Med dagens straum- og matvareprisar er det vanskeleg nok for unge å spare i utgangspunktet.

Det seier Anette Arneberg, 2. nestleiar i SU. Det er moderpartiet deira, SV, som står bak dei nye kutta.

Arneberg vil heller ha på plass tiltak som kan hjelpe studentar og dei med låg inntekt.

Heile bustadpolitikken er usosial. Vi har ein marknad som favoriserer dei som arvar og kjem frå ressurssterke familiar. BSU-ordninga klarer ikkje åleine å løyse problemet med at unge på bustadmarknaden ikkje har same utgangspunkt.

Vil ha fleire tiltak

Staten bruker rundt 1 milliard kroner i året på BSU-ordninga. Med dei nye kutta kjem dei til å spare rundt 600 millionar kroner. SU har tidlegare sagt at dei heller vil bruke desse pengane på betre ordningar.

– At det største gjennomslaget vi har fått så langt i denne perioden er at eit utval skal sjå på husleigelova, synest eg vitnar om at det ikkje er veldig høgt på regjeringa si prioriteringsliste, seier Arneberg.

Ho meiner tiltak som fleire statlege utleigebustader, der det går an å kjøpe seg inn etter kvart, og det å gi Husbanken løyve til å gi ut startlån til folk utan eigenkapital, men som kan betale på lån, kan hjelpe.

Erlandsen frå Unge Høgre påpeiker at det ikkje hjelp på BSU-kutta.

– Vi er alltid for meir tilpassa tiltak, men då må desse kome på plass før det blir kutta. Eg er ikkje bekymra for dei som har foreldre som kan hjelpe, men for mange er BSU den einaste kontoen dei klarer å spare i akkurat no, seier ho.

@framtida.no Kvifor er ikkje dei politiske partia einige om BSU? Vi har prata med @emmaerlandsen frå @ungehoyreslandsforbund og @arnebergen frå @sosialistiskungdom etter regjeringa kutta i ordninga i det nye statsbudsjettet. #framtida #framtidano #nyheiter #nyhende #nyheter #økonomi #sparing ♬ Chill Vibes – Tollan Kim