Nakeeyat (10) sette verdsleiarane på plass

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 28.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nakeeyat (10) sette verdsleiarane på plass

– I avslutningsdiskusjonen tok ei 10 år gamal jente frå Ghana ordet. Etter to veker i FN, der verdsleiarane ikkje har klart å bli samde eller har vore ambisiøse nok, skulerte ho alle delegatane i rettferd.

Det fortel Benedicte Steinbakk i KFUK-KFUM Global til Framtida.no. Ho er ein av ungdomsrepresentantane frå Noreg som var på klimatoppmøtet til FN i Egypt. Der var leiarar frå heile verda samla for å kome fram til løysingar på klimakrisa.

– Når kan de betale oss tilbake?

Mot slutten av klimatoppmøtet talte ti år gamle Nakeeyat Dramani Sam for delegatane som var til stades. Ho fortalde om korleis klimaendringane påverkar heimlandet Ghana. Landet i Vest-Afrika er ramma av flaum, som har øydelagt mange heimar.

Nakeeyat hadde òg med eit skilt ho viste fram, med bodskapen «Payment overdue».

– Eg legg eit enkelt spørsmål på bordet: «Når kan de betale oss tilbake? For betalingsfristen er gått ut, sa ho ifølgje nyheitsbyrået AP.

Verdas fattigaste land har i fleire år bede om at dei rike landa som har størst klimautslepp, skal betale landa som slepp ut mindre for skadane klimaendringane påfører dei. På klimatoppmøtet i Egypt blei dei til slutt einige om å etablere eit fond for tap og skade.

«Ha eit hjarte og gjer matten»

10 år gamle Nakeeyat Dramani Sam sitt klimaengasjement byrja for nokre år sidan med kjærleiken hennar for tre. Ho har skrive ei barnebok om tre og planta over 100 tre i Ghana, skriv AP.

I talen viste ho til at vi ikkje har mykje tid att før vi har nådd 1,5 gradar oppvarming.

– Ha eit hjarte, og gjer matten. Det er ein naudssituasjon, bad ho delegatane.

Rørte ein heil sal

Nakeeyat var ferdig med å snakke, fekk ho ståande applaus. Også presidenten for klimatoppmøtet reiste seg og klappa. Den norske ungdomsrepresentanten Benedicte Steinbakk rosar Nakeeyat for talen.

– Dette er så viktig! Det rørte ein heil sal og verda når ei ung jente tør å utfordre FN så tydeleg, og set preg på alvoret, seier ho og held fram:

– Dette er motet vi treng frå unge! Det er trass alt dei som skal leve og leie i framtida.