Unge Høgre vil senke den kriminelle lågalderen til 13 år

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi veit at det er mange barn som veks opp i utanforskap, og som hamnar i feil miljø og som gjer alvorleg kriminalitet. Problemet er at barna er under 15 år, sa Tonje Nilsen frå Unge Høgre.

Sentralstyremedlemmen deltok i torsdagens Politisk kvarter, der ho tok til orde for å setje ned den kriminelle lågalderen til 13 år for barn som gjer alvorleg kriminalitet. I dag er den kriminelle lågalderen i Noreg 15 år:

– Det tyder at politiet har lite dei kan gjere, anna enn å sende bekymringsmelding til barnevernet. Det fører til at det er veldig mange barn som ikkje vert fanga opp eller følgt opp av nokon, og held fram å gjere kriminalitet og vere i kriminelle miljø, sa Nilsen vidare.

Lågare kriminell lågalder vil gje politiet fleire verkemiddel til å hjelpe, argumenterer Nilsen.

Fleire barn gjer valdskriminalitet

SSB-tal publisert i september i år, syner at det var færre sikta i 2021 enn tidlegare år – unnateke blant dei aller yngste. Desse er ikkje strafferettsleg ansvarlege, men vert likevel registrerte.

Dei siste åra har det vore ei klar trend med auka tal sikta i aldergruppa 5-14 år, som i hovudsak er 13- og 14-åringar.

Særleg markant er endringa i lovbrotsgruppa vald og mishandling. 1103 barn er registrert med i alt 1531 siktingar for vald og mishandling.

Samla sett er det 12 prosent fleire sikta i denne aldergruppa for vald og mishandling, samanlikna med 2020. Det er nær ei dobling sidan 2014.

AUF: – Rette løysinga er ikkje å fengsle barn

Nestleiar i AUF, Gaute Børstad Skjervø, meiner senka kriminell lågalder vil vere ei uklok retning å ta Noreg i.

– Eg trur ikkje den rette løysinga på 13-åringar som finn fellesskap i gjengar er å fengsle barn, seier han i Politisk kvarter.

Gaute Børstad Skjervø, nestleiar i AUF. Pressefoto AUF

Tonje Nilsen peikar på at endå lågare kriminlell lågalder kan føre til at ein 13-åring hamnar i fengsel, så vert barn handsama annleis enn vaksne i  kriminalomsorga.

Skjervø meiner førebygginga har svikta, og at skule og helsevesenet må på bana.

– Det er meir alvorleg kriminalitet, og vi ser at yngre barn blir dregne inn i det. Men om ein 13-åring tenker at sitt naturlege fellesskap er i ein kriminell gjeng eller ekstremistisk organisasjon, så er det ikkje først og fremst 13-åringen som har feila, men storsamfunnet rundt.


Turkameratane Morten Sandvik (t.v.) og Emil Pettersen utfordrar ofte Safari Shabani til å gjere ting han ikkje vil. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)