Safari (25) skal ha blitt banka opp fordi han brukte naglelakk og øyredobbar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

YouTube- og «71 grader Nord – team»-profil Safari Shabani (25) tok til Instagram for å fortelje at han vart offer for ei valdshending natt til sundag.

Ifølgje Shabani gjekk han åleine på Youngstorget då han vart oppsøkt av ein mann som spurde kvifor han hadde på naglelakk.

– Eg svarte at det var SWAG. Han spurde igjen, meir agressivt. Så spurde han kvifor eg hadde på øyredobbar. Då svara eg ikkje, skriv Shabani på Instagram.

NRK Oslo og Viken omtala saka først.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Safari Yves Shabani (@safari.shaban)

Medan han står på busshaldeplassen kjem ein kamerat av mannen bort, ifølgje Shabani, og dei to dyttar på han.

– Då er det ein som tek kvelartak på meg bakfrå og legg meg i bakken. Endå ein kjem til, og dei står no fire stykk rundt meg og sparkar meg. Så kjem det to til, no er dei seks, skriv Shabani vidare.

25-åringen fortel korleis han klarar å reise seg og få tak i eit kosteskaft, som han prøvar å skremme dei med før han løper avgarde og møter på ein kompis på veg heim frå byen.

– Han prøver å hjelpe meg, men får to slag i trynet, skriv Shabani.

Safari Shabani har gjort karriere på YouTube. På første noregstur fekk Safari møte den tamme elgen Krompen på Glittersjå i Jotunheimen og køyre båt på Sognefjorden. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Politiet etterforskar saka som «grov kroppskrenking»

Politiet skal ha kome til staden og Shabani skriv på Instagram at alle personane bortsett frå éin klarar å springe frå staden.

Politiadvokat ved Oslo politikammer, Anders Lafton Briskodden, stadfestar overfor Framtida.no at dei etterforskar ei valdshending som skal ha skjedd ved Youngstorget i Oslo natt til søndag 20. november.

– Politiet har sjølv oppretta melding i saka, og den er koda som ei grov kroppskrenking. Etterforskninga er i ein tidleg fase, og vi kan på noverande tidspunkt ikkje seie noko meir om talet på involverte partar eller kva konkrete etterforskingsskritt som vil bli gjennomført, skriv politiadvokat Anders Lafton Briskodden i e-posten.

Folk bryr seg

Instagram-innlegget frå Shabani har fått over 40.000 likarklikk, noko han set pris på.

– Berre det å veta at det er folk der ute som bryr seg om deg, og bryr seg om at slike ting ikkje skal skje, hjelper mykje for å kunne gå vidare frå ting som har skjedd, seier Shabani til NRK Oslo og Viken. 


Johannes Fandal (23) til vanleg, og etter å ha blitt slått ned natt til 06. mars. Foto: Privat