Éin av tre tenåringar har sett slåssing på nett

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå undersøkinga Barn og medier 2022 viser at 30 prosent i alderen 13–18 år har sett planlegging av slåssing eller slåstkampar i det siste året, like mange som i 2020. 33 prosent har sett sal av alkohol på nett, mot 28 prosent i 2020. 23 prosent har sett sal av hasj/marihuana på nett, same del som i 2020.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

– Vi meiner at tenester som Tiktok, Instagram og Snapchat må auke innsatsen for å hindre spreiing av slikt innhald, uttaler direktør i Medietilsynet Mari Velsand i ei pressemelding.

Nettpatruljen ved Oslo politidistrikt melder om ein delingskultur som bekymrar. Valdsvideoane blir delte hyppig, og valden er grovare enn før.

– Å bli eksponert for vald og rusmiddel på digitale plattformer kan bidra til at dette vert opplevd som normalt. Det kan også senke terskelen for å prøve rusmiddel i tidleg alder, eller bidra til at ulovleg innhald blir delt vidare, seier Velsand.’

Læringsopplegg

Avsnittsleiar Anne Katrin Storsveen Oppegaard i Nettpatruljen seier dei ofte får tips om valdsvideoar som blir spreidde, og at dei snakkar med den fornærma som står i ein svært vanskeleg og traumatisk situasjon.

– Ungdom må få kunnskap om at deling av valdsvideoar er ulovleg og at delinga aukar belastninga for den som har vorte filma i ein sårbar situasjon. Spreiing og liking av videoar kan dessutan indirekte bidra til at nye videoar blir laga og lasta opp, seier Storsveen Oppegaard.

For å lære ungdom om konsekvensar av å dele valdsvideoar, har Kripos nyleg lansert læringsopplegget «Dele = delta». Formålet er å gi ungdom kunnskap til å ta gode val.

Politiet ønskjer å få tips om kontoar som tilbyr narkotika og alkohol til mindreårige.

– Nettet skal ikkje vere ein arena for omsetning av ulovlege varer, seier Storsveen Oppegaard.

Omfattande materiale

Medietilsynet har samla data om mediekvardagen til barn og unge sidan 2006, noko som gjer det mogleg å følgje utviklinga over tid. I undersøkinga i år har cirka 3.200 9–18-åringar frå 78 skular over heile landet delteke. Det er også gjennomført ei foreldreundersøking, med cirka 2.200 respondentar med barn i alderen 1–17 år.

– Heldigvis er det eit mindretal blant ungdommane som har vore eksponerte for slåstkampar og sal av rusmiddel, og det er bra at delen ikkje er aukande. Likevel er det viktig å skjerpe innsatsen mot slikt innhald på nett, seier Velsand.

Skjermdump frå Instagram-kontoen til Veronika Loginova.