Klima og miljø

«Sleipt og udemokratisk: No står alle dei verna vassdraga våre i fare»

– Dei verna vassdraga er kronjuvelane i norsk natur, ikkje noko hovudlause politikarar skal få øydelegga, skriv Marius Moldsvor i Natur og Ungdom.

Marius Moldsvor (19)
Internasjonalt utval i Natur og Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No står alle dei verna vassdraga våre i fare! 

Frp, saman med dei grå partia Ap, Sp, KrF og Høgre sende 4. februar inn forslag til Stortinget om at det ikkje lenger skal vera forbode å byggja vasskraftverk i verna vassdrag.

Stortingsfleirtalet kan altså gjennom eit pennestrøk oppheva over 20 år med strengt vern, utan offentleg debatt, konsekvensutgreiing eller nokre nye høyringsrundar. Dette er totalt uakseptabelt!

Forslaget kjem gjennom ei stortingsmelding om førebygging av flaum og skred.

Der står det: «Det åpnes for konsesjonsbehandling av kraftverk over 1 MW i vernede vassdrag, der samfunnsnytten, for eksempel i form av flomdempende tiltak, vurderes som betydelig, samtidig som miljøkonsekvensene anses som akseptable.»

Flaumdemping er altså berre eit døme, ikkje eingong ein føresetnad for utbygging.

Utfallet av dette forslaget blir då at dei verna vassdraga får akkurat same vurdering som vert gjort i alle utbyggingssaker, så skiljet mellom verna elver og andre elver blir borte! 

Naturkrisa i Noreg er allereie ei enorm utfordring, som vist gjennom dei tallause inngrepa i vår natur. Vi taper natur, eit mangfald av artar og leveområde i eit katastrofalt tempo.

Etter hundre år med kraftutbygging har to tredelar av dei store norske vassdraga blitt regulerte. Sju av dei ti høgaste fossane er bygd ut. Det er derfor ikkje berre fullstendig kunnskapslaust, men korttenkt og uklokt å fjerna vernet.

Dei verna vassdraga er kronjuvelane i norsk natur, ikkje noko hovudlause politikarar skal få øydelegga! 

Gjennom FNs naturavtale har vi forplikta oss til å verna 30 % av natur i Noreg. Det betyr også 30 % av vassdraga. Viss vassdragsvernet blir oppheva er det eit stort steg i feil retning. 

50 år med kampar, aksjonar, utgreiingar og prosessar enda med ei brei støtte for at det var på tide å la resten av dei store fossane og verdifulle vassdraga få vera i fred.

Gjennom eit omfattande arbeid har juvelar som Rauma, Gaula, Tanaelva, Sjoa og Vefsna blitt verna. Også lokale elvar her på Romerike som Leira og Hurdalsvassdraga er verna.

Partia som stemmer for dette dreg altså opp ein debatt som heile Noreg eigentleg har lagt frå seg.

Det at dei då i tillegg gjer dette utan ein brei offentleg debatt, og utan noka som helst forankring i programma til partia, er både sleipt og udemokratisk. 

Kjære Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Senterpartiet, det er inga skam å snu!

Ein slik prosess må gjerast grundig og oversiktleg, og fleire av deira tidlegare politikarar har ein stolt tradisjon med å verna vassdrag.

Stem rett når dette forslaget er oppe i Stortinget no 11. februar!

La elvane leva!

Vassdragsvernet må bestå!