Klesbransjen kvittar seg med fleire hundre tonn uselde klede i året
I fjor kvitta kleskjedene i Noreg seg med minst 825 tonn uselde klede, ifølgje ein rapport laga for Forbrukarrådet og Framtiden i våre hender (FIVH).


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ti aktørar i klesbransjen opplyser at dei sat igjen med 468 tonn klede dei ikkje fekk selt, skriv Aftenposten. Fleire andre aktørar ønskjer ikkje å oppgi overskotslageret, medan andre seier mengda var avgrensa.
– Vi, saman med Forbrukarrådet, meiner omfanget stadfestar at klesbransjen driv med klima- og naturfiendtleg overproduksjon, fortel kommunikasjonssjef Anne Kari Garberg i Framtiden i våre hender (FIVH).
– Sannsynlegvis langt meir
Dei som har bestilt rapporten frå Samfunnsøkonomisk analyse, trur det reelle omfanget av overflødige klede er endå høgare enn anslaget i rapporten.
– Det er jo sannsynlegvis langt meir enn dei 825 tonna vi har klart å få fram i rapporten, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Leiar av Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise. Foto: Terese Samuelsen/Framtiden i våre hender.
Forbrukarrådet og FIVH vil også vite kva som skjer med kleda som ikkje blir selde – om dei blir destruerte, resirkulerte eller selde til utlandet.
– To ytterpunkt
FIVH er også ein del av arbeidet styresmaktene har sett i gang for å ansvarleggjere produsentane og få ned overproduksjonen av klede.
Då er det ikkje nok å berre sjå på klede som ligg igjen på lageret, seier Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender.
– Ein har to ytterpunkt her. Den eine handlar om å handtere avfallet. Den andre handlar om å få ned produksjonen og volumet i klesproduksjon.
- Les også: Slik påverkar klesindustrien verda