1Overwatch 2

Overwatch 2 går ut på at du anten skal beskytte ei sone eller så skal du prøve å ta over sona. Viss det laget som skal ta over sona, greier det, så vinn dei, og viss det laget som beskyttar sona klarar det til tida av runda er over, så vinn dei.
Dette spelet er allereie ute og du kan teste det no. Du kan spele Overwatch 2 på Playstation 4, Playstation 5, Xbox one, Xbox series X, Nintendo Switch og pc.
2Marvel´s Midnight suns

Midnight suns er eit spel som går ut på å kjempe seg gjennom eit heilt supert eventyr gjennom Marvel-universet.
Midnight suns kjem ut 2. desember 2022. Du kan spele Midnight suns på Playstation 4, Playstation 5, Xbox one, Xbox series X, Nintendo Switch og pc.
3Pokémon Scarlet og Violet

I dette nye Pokémon-spelet kan du utforske så mykje du berre vil! Pokémon Scarlet og Violet er det første pokémon-spelet der ein ikkje treng å følgje ei spesiell historie, og du kan gjere kva du vil. Og det beste er at det er mykje å gjere.
Pokémon Scarlet og Violet kjem ut 18. november 2022. Du kan berre spele det på Nintendo Switch.
4Hogwarts Legacy

Har du nokon gong hatt lyst til å føle på korleis det er å vere ein trollmann? Vel, no kan du vere ein trollmann på Hogwarts (Galtvort) frå Harry Potter-universet.
Hogwarts Legacy kjem ut 10. februar 2023. Du kan spele Hogwarts Legacy på Playstation 4, Playstation 5, Xbox one, Xbox series X, Nintendo Switch og pc.
5God of War: Ragnarok

God of War: Ragnarok handlar om guden Kratos som drep andre gudar og kjempar mot andre hindringar i vegen.
God of War: Ragnarok kjem ut 9. november 2022. Du kan spele God of War: Ragnarok på Playstation 4 og 5.
- Les også: Her kan du sjå Oscar-filmane
