Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei grunnleggjande forståing for økonomi opnar så utruleg mange dører, og er eit veldig bra utgangspunkt uansett kva ein tenkjer vidare, skriv rekneskapsførar Sven Østebø (23) i ein e-post til Framtida.no. 

Han meiner yrket kan passa for dei aller fleste og peikar på at det er mange spanande moglegheiter for dei som blir i bransjen i lengre tid også, anten ein ønskjer å jobba med fag, system, personalleiing eller anna.

Grunnleggjande økonomiforståing

– Eg valde denne yrkesvegen på grunn av fleire ting. Det eine er kor viktig ei grunnleggjande forståing for økonomi er, nesten uansett kva du vil gjer på sikt, og det er få stader du lærer det betre enn i eit rekneskapsbyrå.

Den andre grunnen til at Østebø valde å bli rekneskapsførar er den nære relasjonen og kontakten han får med kundane.

– Det er ikkje dei same krava til sjølvstende og avstand som i til dømes revisjon, og du får dermed ein heilt annan kundekontakt og oppfølging enn det du vil ha i andre bransjar, skriv Østebø.

Ifølgje Regnskap Norge er det mange som blandar revisor og regnskapsførar. Ein  rekneskapsførar jobbar for bedrifta og hjelper med å føra eit korrekt rekneskap, medan ein revisor jobbar for styret eller andre som har finansielle interesser, med å driva uavhengig kontroll av selskapet.

Frå deltid til fulltid

23-åringen fekk jobb som deltidstilsett i selskapet Aider i 2019, etter å ha sett dei på ein bedriftspresentasjon der dei lyste ut ei studentstilling.

Den gongen var selskapet nytt og hadde rundt 20 tilsette.

Rekneskapsførar Sven Østebø brukar lite papi i kvardagen. Foto: Privat

– Det er gøy å ha fått vera ein del av reisa frå det, til det store kompetansehuset me har blitt no med over 550 tilsette fordelt over heile landet.

23-åringen set pris på å vera i ein bransje kor det er mogleg å påverka.

– Her meiner eg både ut mot kunde, då mange av kundane våre ikkje berre ønsker eit korrekt rekneskap, men råd og hjelp til å ta avgjerder på bakgrunn av tala me presenterer. Og ikkje minst, så er det gøy å vera i ein bransje i såpass endring. Yrket ser jo heilt annleis ut enn det det gjorde for berre 5 år sidan, og det å kunne vera ein del av den endringa er også svært lærerikt og spanande.

Nyttig IT-kunnskap

Østebø fortel at mange av faga frå bachelorgrada i økonomi og administrasjon var relevante.

– Eg lærte mykje i løpet av studiet, men då ein jobbar såpass mykje i eigne system er det vanskeleg å trene opp ferdigheiter før ein faktisk byrjar å jobba. Så synest eg personleg det er synd at vi ikkje hadde fleire munnlege eksamenar eller fag med fokus på presentasjonar og kommunikasjon, då dette er noko ein får ekstremt mykje bruk for i næringslivet.

Rekneskapsføraren trur det varierer kor flinke universiteta er til å integrera IT-ferdigheiter som ein del av studiet, men er sjølv veldig nøgd.

– IT-faget me hadde på OsloMet er nok noko av det mest nyttige eg hadde.

Ingen like dagar

– Svarte yrket til forventningane?

– Det svarte vel til meir enn forventingane. Eg visste det kom til å bli lærerikt og studierelevant, men at eg kom til å få oppleva så mykje, og vera så tett på ei utruleg spanande kundebase og vera involvert i så mange endringsprosessar hadde eg ikkje sett føre meg på førehand, så det er veldig gøy.

Rekneskapsføraren har svært få dagar som er identiske, då det kjem an på kva kundane treng hjelp med akkurat den dagen.

– Ofte er det oppfølging av sjølve rekneskapen, med kontering osb., systemhjelp om kunden har spørsmål knytt til noko systemteknisk, rapportering, og ikkje minst det å sjå på prosessane, og om det er moglegheiter for å gjera ting meir effektivt eller på ein betre måte, skriv Østebø, som òg bruker mykje tid på berekraftsarbeid.

Sven Østebø trivst godt med ansvaret for berekraftssatsinga i Aider. Foto: Privat

Berekraftsansvar

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det må vel vera det at eg no har fått moglegheita til å ta fagansvar for berekraftssatsinga vår. Det har vore utruleg spennande, og blant anna ført til at eg blei bedt av Regnskap Norge om å halde føredrag for dei om temaet. Det var utruleg gøy!

– Kva er det mest utfordrande?

– Det mest utfordrande er nok når ein blir spurt av kunde om ting ein ikkje heilt har kontroll på sjølv. Heldigvis har me gode team med dyktige og fagleg sterke folk på kontoret som eg kan spørja om alt, men det kan tidvis vera litt utfordrande likevel, spesielt om ein sit i telefon eller er fysisk ute hos kunde og ikkje har svaret akkurat der og då.

Nullpapirvisjon

Sven Østebø trur mange ser for seg at rekneskapsførarar framleis jobbar mykje med papir og punchar inn tal.

– Me har i alle fall nullpapirvisjon, og det er ingen permar å sjå på kontoret. Vi jobbar jo også mykje med automatisering av rekneskapen, ved bruk av mellom anna AI, slik at meir og meir av jobben blitt rådgjeving og innsiktsbasert.

Han trur òg mange har eit bilete av bransjen som ganske «stilleståande», noko han meiner ikkje kunne vore lenger frå sanninga.

– Bransjen er i enorm endring, og det er så utruleg mykje forskjellig ein kan gjera med utgangspunkt i rekneskap.

– Sørg for å utnytta studietida

– Kva draumar har du for framtida?

– Uff, det er eit stort spørsmål! Det er vanskeleg å svara på, men draumen på jobbfronten må vel vera å kunna fortsetja å jobba med ting eg synest er både spanande, lærerikt og gjevande. Så håpar eg spesielt at berekraftsarbeidet gir frukt etter kvart!

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

 Syt for å utnytta studietida til å bli kjende med litt forskjellige selskap. Dra på bedriftspresentasjonar og andre liknande arrangement. Det er ikkje berre gøy, men ein god måte å bli kjent med spanande selskap på. Så kan det lønna seg å prøva få ein sommarjobb eller ei deltidsstilling innanfor bransjen etter kvart. Sånt er gull verd når ein er ferdig.


Håkon Ellingsen. Foto: Privat

Sven Østebø

Alder: 23

Frå: Finnøy (Stavanger)

Yrke: Rådgjevar innanfor rekneskap og berekraft i Aider

Utdanning: Bachelor i Økonomi og administrasjon frå OsloMet