Yrket mitt: Leah (27) er murar – dei tok ein sjanse på meg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg bestemte meg for kva eg ville, tok ein telefon til firmaet eg er i per dags dato, og spurde om det var mogeleg å få prøve meg som vaksen lærling. Og her vart eg møtt med positivt svar, og dei tok ein sjanse på meg.

Tre og eit halvt år etter Murmester Heskje tok sjansen på Leah Kverme, er ho snart klar til å avlegge fagprøve som murar.

Den største feiloppfatninga som rår om yrket, er at folk tenkjer muraryrket er for tungt for kvinner og jenter, fortel Kverme.

Det motbeviser ho sjølv kvar einaste dag.

Frå frisør til murar

27-åringen frå Brusand jobba opphaveleg som frisør, men etter kvart fann ho ut at yrket ikkje var det rette og at ho ville prøve noko nytt. Frå eit kvinnedominert yrke, tok ho steget inn i eit mannsdominert eit.

– Det var veldig viktig for meg å finne eit yrke som kunne gje meg noko i kvardagen, det å vere kreativ og skape noko var viktig, fortel Kverme på e-post til Framtida.no.

Ho fortel at ho forventa å møte utfordringar, lære mykje og utvikle seg sjølv då ho tok til som murar.

– Eg har absolutt lært mykje, fått utfordre meg i mange kjekke delar av jobben og mogelegheitene til å dyrke dei delane av jobben eg likar best, oppsummerer ho no.

Samstundes har Kverme trua på at jobberfaringa og sveinnebrevet ho allereie hadde var eit positivt tilskot inn i den nye arbeidskvardagen.

Varierte dagar

Leah Kverme fortel at arbeidsdagen er veldig variert ut frå kva oppgåver som står på planen, noko som òg gjer at dagane vert veldig kjekke.

– Ein passar alltid på at ein har med det ein treng av verktøy og material til dagens oppgåver. Desse kan vere alt frå flytesparkling, smøre membran, flislegge, påføre mikrosement, pusse eller mure teglstein, fortel ho.

– Kva er det beste med jobben?

– Skape noko flott og overlevere ferdig resultat til ein glad og fornøgd kunde.  

Det mest utfordrande er å møte alle kundane sine ønske, fordi ønska varierer i så stor grad. Men der lukkast 27-åringen etter alt å dømme godt, for nyleg var ho ein av finalistane i kåringa Norges Hyggeligste Håndverker.

Ho drøymer om at mikrosement-avdelinga ho er prosjektleiar for skal vekse, og i løpet av dei neste par åra kan gå frå å vere berre to til fem personar som berre arbeider med mikrosement.

Yrkesstoltheit

– Dette yrket passar for dei som ønsker å skape noko, og som viser yrkesstoltheit i det dei gjer, fortel Kverme.

Ho rår unge som vurderer å verte murarar til å ta ein sjanse, og berre prøve:

– Finn ein stad du likar og kan trivast med å jobbe. Murarfaget har så mykje variabelt arbeid, og ein finn stort sett ein type arbeid ein trivst aller best med innan faget.


Kristian Kirkeland vart gravferdskonsulent, medan han samla motivasjon til å . Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no

Leah Marina Tranøy Kverme

Alder: 27 år

Frå: Brusand

Yrke: Murar

Utdanning: Avlegg fagprøve innan kort tid.