Lula da Silva vann valet i Brasil – Bolsonaro har ikkje vedkjent tapet enno

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag vart det klart at Lula da Silva (77) vann over Jair Bolsonaro (67) i presidentvalet i Brasil. Han fekk 50,9 av stemmene, og skal difor ta over som president frå januar. Fram til det fortset Bolsonaro som president.

Om han kjem til å vedkjenne å ha tapt, er eit anna spørsmål.

Valtrøbbel

Det har nemleg vore fleire forsøk på å hindre folk frå å stemme. Politiet skal ha stoppa bussar med personar på veg til vallokale. Det skal ha skjedd på meir enn 500 stader.

Ifølgje valdomstolen i Brasil skal alle ha kome fram og fått stemt.

Politisjef Silvinei Vasquees oppmoda også følgjarar på Instagram til å stemme på Bolsonaro. Posten vart seinare sletta.

Bolsonaro har ikkje sagt noko om sigeren til da Silva enno. Han har tidlegare sagt presidentskapen er eit kall, og at berre gud kan fjerne han frå stillinga.

Motsette kandidatar

Dei to store presidentkandidatane i valet i Brasil 2022. Illustrasjon: Canva

Fleire ekspertar er difor bekymra for at Bolsonaro kjem til å seie valet er stole.

Da Silva har likevel fått fleire stemmer enn nokon annan brasiliansk president, sjølv om stemmene deler seg jamt i prosentpoeng.

Han fekk 59 millionar stemmer. Det er 2 millionar fleire enn Bolsonaro.

Da Silva er på den politiske venstresida, og ei klar motsetning til den noverande høgrepopulistiske presidenten. Han har også vore klar på at Brasil på nytt skal ta klimasaka på alvor, inkludert arbeidet med regnskogen.

Regnskogsamarbeid

Noreg kjem til å ta opp att regnskogsatsinga, som vart stoppa då Bolsonaro vart president, og byrja med meir avskoging. Klima- og miljøminister Barth Eide har sagt dei vil kontakte overgangsteamet til da Silva før han blir president.

– Vi vil snakke med folka hans for å førebu det formelle og få på plass ein styringsstruktur. Det står store summar frosne på konto i Brasil i amazonasfondet, som kan utbetalast raskt, seier Barth Eide til NTB.

Støtta frå både Noreg og Tyskland vart kutta i 2019 då avskoginga tok fart under Bolsonaro.


Foto: AP Photo/Eraldo Peres