Danmark: Mette Frederiksen held fram som statsminister

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 30.01.2023 10:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mette Frederiksen frå partiet Socialdemokratiet held truleg fram som Danmark sin statsminister.

Sjølv om venstresida gjekk litt tilbake, fekk dei likevel flest representantar i Folketinget, tilsvarande Stortinget.

I år kom det inn 12 forskjellige parti fordelt på dei 179 mandata. Desse er delt opp i to hovudblokkar på høgre- og venstresida, i tillegg til partiet Moderaterne (M) i midten.

Mandatfordeling

  • Høgresida (Venstre, Danmarksdemokraterne, Liberal Alliance, Det Konservative folkepartiet, Nye borgerparti, Dansk Folkeparti), eller den blå blokka, fekk 72 mandat.
  • Moderaterna fekk 17 mandat.
  • Venstresida (Socialdemokratiet, Sosialistisk Folkeparti, Enhedslisten, Radikale venstre, Alternativet), eller den raude blokka, fekk 87 mandat.
  • I tillegg er det fire mandat frå Grønland og Færøyane. Tre av dei er på venstresida.

Sjølv om venstresida har fleirtal, vil ikkje alle partia nødvendigvis samarbeide. Det gjer det vanskeleg å få til ei fleirtalsregjering.

I oppteljinga av stemmene vart 980 stemmer til Enhedslisten forveksla med 104 stemmer til Danmarksdemokraterne. Likevel kjem dette truleg ikkje til å endre mandata.

No kallar Mette Frederiksen inn til regjeringsforhandlingar, og dei neste dagane vil vise kva slags regjering ho får til.

Val på forskot

Regjeringa hadde eigentleg frist til våren på å skrive ut val. Radikale venstre, eit støtteparti, var derimot ikkje nøgd med regjeringa. Årsaka var den såkalla minksaka. Under koronapandemien vart 15 millionar mink vart slakta i samband med ein mutert virusvariant under koronapandemien.

Difor ville støttepartiet Radikale venstre stille eit mistillitsforslag mot regjeringa dersom dei ikkje skreiv ut nyval i haust.

Eit mistillitsforslag er eit forslag der representantane i eit parlament stemmer over om dei har tillit til den sitjande regjeringa. Dersom fleirtalet har mistillit, må regjeringa avviklast.

Det er difor Frederiksen-regjeringa måtte skrive ut val.

Radikale Venstre fekk sitt dårlegaste resultat nokosinne i dette valet, og leiaren Sofie Carsten Nielsen gjekk difor av.

Nytt parti gjer det godt

Ein nykommar i det danske valet er partiet Moderaterne. Leiaren er tidlegare statsminister og Venstre-leiar Lars Løkke Rasmussen.

Han trakk seg ut av Venstre i 2021 for å danne det nye partiet.

Dette partiet høyrer ikkje til nokon av blokkane, og Rasmussen har sagt at han ønsker å danne ei regjering på midten. Det tyder at partiet kan hamne på vippen i både regjeringsforhandlingar og ved avstemming om lovforslag.


Har du fått med deg det andre skandinaviske valet i haust?

Jimmie Åkesson jublar med bukett i handa.

FULL JUBEL:
Sverigedemokraternas partileiar Jimmie Åkesson (SD) gler seg over valresultatet under Sverigedemokraternas valvake på Elite Hotel Marina Tower i Nacka på sundagskvelden.
Foto: Stefan Jerrevång/ TT / kod 60160

Partia i Danmark

Raud blokk på venstresida:

  • Socialdemokratiet (A)
  • Sosialistisk Folkeparti (F)
  • Enhedslisten (Ø)
  • Radikale venstre (B)
  • Alternativet (Å)

I midten:

  • Moderaterne (M)

Blå blokk på høgresida:

  • Venstre (V)
  • Danmarksdemokraterne (Æ)
  • Liberal Alliance (I)
  • Det Konservative folkepartiet (C)
  • Nye borgerparti (D)
  • Dansk Folkeparti (O)