Ny studie: Elsparkesyklar kuttar reisetid og bilkøar

Ein ny studie frå Georgia Tech syner at amerikanarar kan spare i snitt 17,4 prosent av reisetida si om dei brukar elsparkesykkel eller elsykkel framfor bil.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2019 forbaud byen Atlanta i USA elsparkesyklar og elsyklar mellom klokka 21 og klokka 04. Lokalstyresmaktene peika på at stadig fleire trafikkulukker hende på elsparkesykkel og dei fleste i nattetimane.

Forbodet gav forskarar frå Georgia Institute of Technology mogelegheita til å granske kva elsparkesyklar har å seie for bilkøar.

700 000 timar ekstra i bilkø

Utan elsparkesyklar auka den gjennomsnittlege reisetida til innbyggjarane med kring 10 prosent. Reiser til og frå arrangement som fotballkampar auka med nesten 12 minutt kvar veg. Det er ei 37 prosent auke i reisetid.

For innbyggjarane i Atlanta svarar til det 784 000 timar ekstra i bilkø – og det er berre mellom kl. 21 og 04, då forbodet gjaldt. Elsykkelforbod i rushet vil føre til endå større bilkøar, peikar dei på.

Forskarane estimerer at amerikanarar kan spare i snitt 17,4 prosent av reisetida si om dei brukar elsparkesykkel eller elsykkel framfor bil.

Mindre bilkøar, mindre utslepp

I tillegg synte arbeidet at elsparkesyklar og elsyklar faktisk reduserer bilkøar, då nokre vel desse transporttypane framfor bil.

Doktorgradsstudent Camila Apablaza frå Georgia Tech peikar på at mindre bilkøar òg vil føre til mindre klimagassutslepp. Ho understrekar at elektriske framkomstmiddel vil vere avgjerande for å kutte i utsleppa frå passasjertransport:

– Difor må vi forstå samhandlinga mellom ulike typar elektrisk transport, uttala ho i ei pressemelding frå universitetet.

Samstundes presiserer forskarane at sikkerheitsomsyn må verte prioriterte.


5 av 10 vil ikkje ha elsparkesykkel på fortau. Illustrasjonsfoto: Scott Evans / Unsplash