Ny norsk analyse: Elsparkesyklar er 5–7 gonger farlegare enn sykkel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi anslår no at det er fem til sju gonger høgare risiko for skadar på elsparkesyklar enn for syklar, seier seniorforskar Torkel Bjørnskau ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Onsdag var han i Arendal for å leggje fram ny statistikk og analysar av skadar etter køyring på elsparkesykkel.

Tala kjem i stor grad frå Oslo og strekkjer seg til og med juni i år. Dei viser at:

  • 60 prosent av dei som blir skadde, er menn
  • Dei er 29 år gamle i snitt
  • 41 prosent av ulykkene blir knytte til rus
  • 8 prosent av skadane er alvorlege
  • Det er snakk om hovudskadar i eitt av tre tilfelle

– Det er veldig mange ungdom som blir skadde og som bruker dette, seier Bjørnskau.

  • Usikker på kva reglane er for bruk av elsparkesyklar er? Sjekk her! 

Linn Isabel Eielsen, synest elsparkesyklar er det skumlaste med Oslo. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Fleire sykkelskadar

Sjølv om media til stadigheit rapporterer om mange elsparkesykkelulykker, understrekar Bjørnskau at det òg skjer mange skadar blant syklistar og fotgjengarar.

Tal frå Oslo i 2019 viste at det var 2.021 sykkelskadar i løpet av året, medan tal frå 2016 viste 6.309 skadar blant fotgjengarar.

Torkel Bjønskau er seniorforskar ved Transportøkonomisk institutt. Foto: TØI

Til samanlikning vart det registrert 764 skadar med elsparkesykkel i Oslo i 2019, og i 2020 var det 1.293.

– Det er sånn at sjølv om elsparkesyklane har færre skadar enn dei andre, så er dei mykje farlegare. Det er veldig viktig å sjå dette i forhold til transporten. Det er mykje meir sykling enn køyring med elsparkesykling, seier TØI-forskaren.

Går på trynet åleine

TØI har òg analysert korleis skadane skjer.

– Det aller, aller meste er eineulykker, altså der folk har gått på trynet på eiga hand, seier Bjørnskau.

Berre 8 prosent av ulykkene er kollisjonar, der fleire personar og køyretøy er involvert.

Elles er:

  • 36 prosent eineulykker utan hindring i vegbanen
  • 39 prosent er eineulykker med hindring i vegbanen
  • 4 prosent kjem av unnamanøver og bråbrems
  • 10 prosent kjem av at ein har sklidd

Farlege trikkeskinner

Skadane er òg registrerte på ei rekkje underkategoriar, og blant desse er det tre ulykkesårsaker som skil seg ut: køyring på trikkeskinner, hol i vegen, og fortauskantar.

– Det er veldig mange som går på trynet på grunn av desse tinga, seier Bjørnskau.

Ei spørjeundersøking TØI gjorde i fjor blant elsparkesykkelbrukarar viste at 14 prosent av dei hadde hatt ei ulykke og 37 prosent hadde hatt ein nestenulykke.

– Når dei oppgav årsak, var det mange som trekte fram nettopp ujamt underlag og glatt underlag, altså utforminga til vegen. Men det var òg mange som peika på si eiga åtferd som bidragsytande, seier forskar Katrine Karlsen ved TØI, som også deltok på presentasjonen.


Marcus Drabløs er 19 år og kjem frå Dalsfjorden. Han har jobba på krabbebåt, med fiskeoppdrett og er mykje i Ørsta både i helgene og vekedagane. Foto: Emilie Hansen