Trygg Trafikk vil ha elsparkesykkelen på ungdomsskulepensum
Myndigheitene bør ta på alvor at 12-åringar kan køyre det som blir klassifisert som ei motorvogn i trafikken utan opplæring, meiner Trygg Trafikk. No vil organisasjonen ha elsparkesykkelen inn i pensumet på ungdomsskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trass i innskjerping i lovverket kan unge frå 12 år køyre elsparkesykkel i trafikken, utan opplæring. Trygg Trafikk meiner at det er på høg tid at unge får opplæring på elsparkesykkel.
Eitt av forslaga til organisasjonen er å ta elsparkesyklane inn i valfaget trafikk på ungdomsskulen, som blant anna inkluderer trafikalt grunnkurs.
For å byggje opp under det, viser Ingrid Lea Mæland, regionleiar i Trygg Trafikk Rogaland til NRK at skulane og kommunane har forsikring som dekkjer elevar på skulevegen. Dermed har dei eit indirekte ansvar for barna.
Vidare understrekar ho at det burde vore 16-års aldersgrense på køyretøyet.
Les også: Ny norsk analyse: Elsparkesyklar er 5–7 gonger farlegare enn sykkel