No blir det samisk tekst på mjølka

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 06.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur samisk på mjølkekartongen vil skape nysgjerrigheit og engasjement hos mange, og eg vonar at fleire også ønskjer å lære seg språket, seier sametingspresident Silje Karine Muotka i ei pressemelding.

Frå nyttår kjem TINE si mjølk i Troms og Finnmark med både norsk og nordsamisk tekst på kartongen.

Sametingspresident Silje Karine Muotka med eit glas mjølk, eller mielki. Foto: TINE

Det var NRK som først skreiv om saka.

– Viktig del av kulturarven

Sametinget tok for halvtanna år sidan opp forslaget om samisk tekst på mjølkekartongar med TINE i samband med samisk språkveke. Saka har vore handsama på toppen i TINE-konsernet, og det blir no realitet.

– Dette er fantastisk gøy. I TINE jobbar vi kvar dag for å skape eit levande Noreg, og dei samiske språka er ein viktig og levande del av den samiske og norske kulturarven, uttalar konsernsjefen i TINE, Gunnar Hovland, i pressemeldinga.

– Vi skal spegle mangfaldet i landet vårt, seier konsernsjef i TINE, Gunnar Hovland, og skålar i mjølk.

Kan bli utvida til andre stadar

Han fortel at dei vil vurdere å ha samisk tekst på mjølkekartongane i Oslo og andre stadar i landet òg.

– Når eit såpass stort konsern som TINE tar eit slikt bevisst språkval, så skapar det ein positiv synergi, og dette samarbeidet er eit godt døme på korleis ein kan styrkje statusen til urfolksspråk, understrekar sametingspresident Silje Karine Muotka.