42-åringen tek over etter ein av dei kortast sitjande statsministrane nokosinne.
Åshild Slåen

Måndag klokka 15 vart Rishi Sunak den nye britiske statsministeren. Han var den einaste kandidaten med nok støtte i Det konservative partiet.

Det skjedde etter Boris Johnson trekte seg som kandidat i helga. Motkandidaten Penny Mordant klarte ikkje å skaffe seg nok støttespelarar i partiet.

Sunak tek over for Liz Truss, som han konkurrerte mot i september.

Tek over eit vanskeleg parti

Rishi Sunak

I tillegg til å vere den yngste britiske statsministeren nokon gong, er Sunak også første hindu og første ikkje-kvite som har stillinga. Begge foreldra til Sunak har indisk opphav.

Han er også ein av dei rikaste personane i landet, og var finansminster i Boris Johnson si regjering.

I motsetning til Truss, som hadde Margareth Thatcher som førebilete, blir Sunak rekna til sentrum i Det konservative partiet.

Før Truss vart vald, åtvara han mot dei økonomiske tiltaka ho ville setje i gang. Han fekk i stor grad rett i at tiltaka ikkje ville vere vellykka.

Likevel kjem han til å ha ei utfordring med det splitta partiet som Liz Truss ikkje klarte å samle.


DRUKNAR: Statsminister Liz Truss slit med å halde hovudet over vatnet i den politiske stormen. Foto: AP Photo/Kirsty Wigglesworth via NTB

LES OGSÅ

ANNONSE