«Me, dei privilegerte unge i vesten, treng at nokon fortel oss ei historie om at me er til nytte»

Ella Kvam (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

I høve FNs nyaste rapportar om korleis me ligg an for å nå verdas 17 berekraftsmål innan 2030, ligg me svært dårleg an.

Pandemien og den etterfølgjande krigen i Ukraina har mellom anna bremsa den økonomiske veksten i verda kraftig, sett tiltaka for å nå berekraftsmåla på vent, og skapt ei energi- og forsyningskrise i Europa og verda.

Dette er berre ein flik av problema våre, me har nemleg også ei stadig meir synleg klimakrise, som i år har gjort stor skade i form av hetebølgjer og tørke, og dessutan ein enorm flaumkrise som herja i Pakistan, for å nemne nokre punkt.

Politisk splitting i demokratiske land

Nyheitene er stadig prega av krise på krise, og mange kjenner at no er det vanskelege tider, på fleire ulike vis. Likevel ser ein at me som folk i fleire demokratiske samfunn har ein tendens til å bli meir og meir splitta.

Ei sterk polarisering herjar i den vestlege verda, folk set seg opp mot kvarandre, forvrengjer nyheitsbilete, skapar frykt, sinne, hat og ikkje minst propaganda. Fellesskapet er i ferd med å bli svekka.

Eg ser med lengsel tilbake på etterkrigstida i Noreg. Me var alle svekka då, men me var svekka saman, og me skulle byggje landet opp att, saman. Etterkrigstidas generasjon bygde velferdsstaten ved å fortelje ei historie om at me er sterke saman. Dei unge i etterkrigstida fekk høyre dette gong på gong; «de er den unge generasjonen, de skal byggje landet opp att, for framtidas barn».

Eg er eit av framtidas barn, og eg veks opp utan at nokon fortel meg ei slik historie, samstundes med at framtida synest stadig mørkare.

«Alle skal med»

Utdanning til alle menneske er ein sentral del av det me som verdssamfunn bør oppnå for å nå FNs berekraftsmål. Men for oss her i Noreg og Vesten, som allereie er så privilegerte at alle har rett på utdanning, trur eg det er meir som skal til. Eg trur at for å endre verda er me nøydde til å endre korleis me som samfunn tenkjer og kjenner rundt skule og utdanning.

Eg trur at den unge generasjonen i etterkrigstida hadde ein sterkare oppleving av kor privilegerte dei var.

Det var på denne tida den norske stat vedtok å gje gratis vidaregåande utdanning til alle i Noreg. Den veksande generasjonen vart satsa på, dei var det nye håpet. Dei skulle bli noko for fellesskapet, dei hadde ei retning, eit mål, ein grunn, for det dei arbeide med. «Alle skal med» var blant dei nye slagorda.

Å meistra livet

Hos dagens ungdom trur eg stoda er blitt ganske annleis.

Me lever i eit samfunn stadig meir prega av ein ruvande individualisme, der nærast alt fokus rettar seg mot oss sjølve, at me skal finne ut kven me er heilt på eiga hand, og at me berre kan velje og vrake i det havet av mogelegheiter me får høyre at me har.

Samstundes blir me utsette for eit enormt press der me vurderast utanfrå og inn til me ikkje lenger veit korleis det er å kjenne etter sjølv.

Berre skulearbeidet er ikkje lenger eit breitt nok vurderingsgrunnlag for skule og utdanningssystemet. Me vurderast ut ifrå kven me er, og kor godt ein «meistrar livet på generelt grunnlag», kva nå enn det betyr. Me vaklar rundt i livet med ein enorm frykt for å feile, ikkje berre når det gjeld neste skuleprosjekt, men også på fleire andre område.

«Vil dette bli relevant på eksamen?»

Som ein ser er det mange faktorar som spelar inn, og ein kan tydeleg sjå endringane i lærelyst og interesser hjå elevane.

Den tyske sosiologen og filosofen Hartmut Rosa, seier seg einig i ein diagnose som seier at dei unge i dag ikkje lenger genuint interesserer seg for fagstoff, heller om kva som kjem opp på eksamen. Han fortel at før kom elevane hans bort etter ei forelesing og kunne spørje, «Kva var det eigentleg Karl Marx meinte?», medan dei no vil spørje «Vil dette bli relevant på eksamen?».

Hartmut Rosa understrekar at dette ikkje er vår feil, men den førre generasjonens ansvar. Eg meiner at denne trenden, denne sterke individualismen som skapar eit heilt enormt press mot noko ein ikkje heilt kan definere, er svært hemmande for framtida. Den manglar ein retning, noko svært mange unge truleg kjenner.

Langt frå målet

Me manglar ei kjensle av fellesskap. Me treng eit fokus på samarbeid og solidaritet i ei tid der framtida ikkje ser lys ut.

Det er ikkje mange år igjen til 2030, og me er milevis unna å nå FNs berekraftsmål.

Me, dei privilegerte unge i vesten, treng at nokon fortel oss ei historie, om at me er til nytte, og at me er håpet. For det er faktisk det me er.

Snarare enn eit individuelt fokus og eit utdanningssystem som er altfor resultatfokusert berre for byråkratiet si skuld, treng me ei retning, eit mål og ein grunn for det me arbeider med. Me er trass alt del av eit samfunn, eit fenomen basert på fellesskap og alle si nytteverknad.

Og ikkje nok med det, me lever på ei klode som sjukeleg treng hjelp, saman med ei rekkje samfunn der menneske må kjempe ein hard kamp berre for å skaffe mat på bordet. Det er nettopp no me er meir til nytte enn nokon gong, takka vere våre eigne ressursar.

Håp, ansvar og motivasjon

Eg ber staten, leiarane for eit av verdas rikaste land om å sjå oss, løfte oss, gje oss håp, ansvar og motivasjon, til å samle oss om problema heller enn å dyrke ei veksande polarisering.

Me er framtidas generasjon, me er lyset, og eg har ennå ikkje gitt opp å tru at historia kan ende like bra som då dykk skapte den norske velferdsstaten. Me må berre omfamne den.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også skrivekonkurranseinnlegget: «Berekraft er ingen keisam floskel»

Lydia Berg kjem frå hyttekommunen Trysil, og har merka seg ei lite berekraftig trend. Illustrasjonsfoto: Ola Matsson www.skistar.com/trysil