«Ærleg talt oppsøkjer eg ikkje nyhende så mykje for tida. Har ikkje mentalt overskot»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Kjære du som les dette.

Beklagar at det tok så lang tid før eg kunne skrive til deg, det har vore … tja, eg veit ikkje heilt, eigentleg. Overveldande? Du kjenner kanskje att kjensla, at alt er så mykje at du ikkje veit kor du skal starte, eingong. Er det sånn hos seg no?

Eg har begynt å slite med søvn igjen. Sleit kraftig etter skytinga i Oslo i sumar. I fleire månadar, faktisk. Og no har 25. juni skjedd igjen: Ein 19-åring, fylt med både jøde- og homohat, drap to menneske i eit angrep mot ein skeiv pub i Slovakias hovudstad.

Eg fekk ikkje vite det gjennom oppslag av saka, eingong. Eg fekk vite det gjennom ein kritikk over den knappe mediedekninga. Så googla eg sjølv. Skulle ønske eg ikkje gjorde det.

Sånn starta veka mi.

Ærleg talt oppsøkjer eg ikkje nyhende så mykje for tida. Har ikkje mentalt overskot. Det går meir i TikTok.

Og veit du kven som dukka opp i TikTok-feeden her om dagen?

 

Eg sette energidrikken i halsen då Andrew Tate viste seg på skjermen til litlebroren min. Ja, for eg var heim til mor ein tur, og måtte setje gaminga på pause. Bror min har heldigvis ikkje interesse av å høyre på kva Tate seier, for han er meir interessert i humor-videoar, men han kunne informere at Tate dukka opp ganske ofte i feeden hans. Vi snakka litt om Tate sitt kvinnesyn, og korleis han tener seg rik på, og radikaliserer, unge gutar.

KVINNEHATANDE RETORIKK: Andrew Tate har profilert seg som ein sjølvhjelpsguru, men er mest kjent for måten han omtaler kvinner. Foto: Skjermdump frå Anything Goes With James English «Andrew Tate – My life as a PIMP», YouTube, 7. september 2022

Eg veit godt at sjølv om Tate er eit problem, så er han ikkje problemet, men snarare symptomet. Det blei likevel ein påminning om at ting ikkje forsvinn berre dei er ute av synet. Algoritmar syg.

Og herregud, såg du regjeringa sitt statsbudsjettforslag om å kutte 6 millionar i aborttilbod? Tidspunktet kunne nesten ikkje vore verre, no, midt i kvinnehelse-debatten, og når USA held på som dei gjer med abortnekt. Eg har sett alt for lite om budsjettforslaget i media. Det har vel drukna i lakseskatt-debatten.

Og klima- og naturkrisa, som alltid blir prata om, men eigentleg aldri, heng jo stadig over oss. Men ho prøver eg å ikkje tenke på, for å vere ærleg. WWF kom med ny rapport no, og ho lyder ikkje godt for naturen.

Austleg låglands-gorilla har hatt ein nedgang på 80 prosent mellom 1994 og 2019. Foto: Johnny Africa/Unsplash.

Eg har eksamensperiode snart. Og av alle ting som skjer i verda, er det kanskje det som blir viktigast. Det er i alle fall det einaste eg opplever at eg kan gjere noko med.

Det er kanskje feil å seie, og tungt for meg å innrømme, at eg kjenner eg mistar piffen. Vlogginga har vore ein del av kvardagen min i fire år, men alt som skjer i verda påverkar meg sånn at eg ofte slit med å finne overskot.

Situasjonen i Iran, som stadig blir verre, og krigen i Europa … Ja, du deler jo sjølvsagt nokre av bekymringane mine. Eg treng jo knapt å nemne alt dette, men så er det som om det forsvinn.

Store samfunnsproblem overrumplar deg via media, og så forsvinn dei frå media like fort som dei kom, sjølv om problema lever i beste velgåande. Det blir så vanskeleg å vite kva ein skal bry seg om og tenkje på, når alt alltid skjer, men ingenting er synleg. Når alt berre heng over oss som ei sky av håpløyse.

Og vi bur jo i Noreg og har det så bra, så kvifor får eg vondt for å puste da?

Eg må stadig minne meg på at det au skjer bra ting. Dei blir vanskeleg å finne i virvaret av dårleg nytt.

Endå ei veke har gått. Og snart kjem det ei ny. Jorda snurrar vidare anten vi er klar for det eller ikkje. Vi har ikkje stor anna val enn å traske med, og når det blir tungt i periodar, berre henge på til vi har overskot til å reise oss igjen.

Ta vare på deg sjølv. Pust, og gjer noko fint for nokon andre.

Eg skal gjere mitt beste, eg og. Meir enn det er umogleg.

Hald på håpet.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Lyst å få nyheitene kort og godt? Få med deg «Vekas viktigaste»

Liz Truss, Drone og Birgitte Tengs

Kollasj av Framtida, Foto: Simon Dawson / No 10 Downing Street, Thomas Bjornstad on Unsplash, Våge studio / NTB