Debatt
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Ordbok for overlevelse» er ei verdifull bok om å vekse opp og halde ut nedturane livet har å by på.

Forfattaren, Ingeborg Senneset, deler ope og ekte om sitt liv med anoreksi og som psykiatrisk pasient. I boka deler ho både eigne erfaringar, sjølvhjelp og fakta.

Boka er rett og slett ein overlevingsguide. Senneset skriv med håp til alle unge som har det vanskeleg, og er usikre på om livet vil gå seg til. Den er autentisk og open. Eg trur også den er uendeleg viktig.

Mykje av det Senneset skriv «pushar» grenser

Gjennom boka møter vi mange viktige tema. Senneset skriv om krig, eteforstyrringar, sjølvskading, valdtekt og angst. Tema ikkje alle vågar å snakke høgt om. «Ordbok for overlevelse» løfter fram tabubelagde tema på ein ærleg måte.

Senneset burde få applaus for å løfte desse temaa! Trass i det meiner eg mykje av det Senneset skriv «pushar» grenser. Burde verkeleg barn og ungdom lese om eteforstyrring og sjølvskading på ein så brutal og direkte måte?

Misforstå meg rett, det er viktig å snakke om desse temaa, men om målgruppa skal vere unge som har det tøft kan nok delar av boka vere triggande.

Eit av temaa som går mest att i boka er eteforstyrringar, meir nøyaktig anoreksi. Senneset skildrar den tøffe kvardagen når alle tankane dine handlar om mat, kropp og kontroll. Eg ville likt å lese om andre eteforstyrringar også. Dei aller færraste veit at anoreksi er den sjeldnaste eteforstyrringa, likevel er det den som det blir snakka mest om. Før eg las boka håpa eg at den ville bidra til å auke kunnskap om mellom anna overeting og bulimi, det gjorde den altså ikkje.

Trass i at tematikken er tung er boka lettlesen

Boka er skrive på ein utruleg god måte, og den skil seg frå andre bøker om psykisk helse. Trass i at tematikken er tung er boka lettlesen, og er lett å lære av. Men det blir brukt ein del omgrep som eg trur ein må vere engasjert i samfunnsdebatten og psykisk helse for å forstå.

Til sjuande og sist er boka viktig. Den byggjer på openheit og ærlegdom. Det er ikkje ei bok eg vil anbefale til dei aller mest sårbare, men om du treng å føle deg litt mindre åleine om å ha det vanskeleg vil eg varmt anbefale denne overlevingsguiden.

Eg gir boka terningkast 4.


Les også filmmeldinga: Så jävla easy going – ikkje ein «feelgood» film

Tidlegare nasjonal ungdomsleiar i ADHD Norge, Margrethe Skinderviken, har sett den svenske filmen «Så jävla easy going». Foto: Privat