Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I motsetnad til venninnene mine hadde eg ikkje ein draum om eit A4-liv med barn. Eg ville reise. Den store draumen var Mongolia, i tillegg til Arktis og Antarktis, skriv Liv Arnesen i ein e-post til Framtida.no.

Eventyrar Cecilie Skog har fortalt at Liv Arnesen var ein inspirasjon for ho i tenåra, eit førebilete som trefte på ein heilt annan måte enn barske menn med halvskjegg.

Omslag: Gyldendal

Skog har til og med gitt ut ein minibiografi for barn om idolet sitt, som ho i Dagsavisen samanliknar med historia til ein superhelt.

Draumen om Mongolia

I 1994 vart Arnesen den første kvinna i verda som tok seg til Sydpolen utan støtte. Nokre år seinare vart ho og amerikanske Anne Bancroft dei første kvinnene som kryssa Antarktis med ski og segl.

– Mongolia er framleis ein draum. I 30 år jobba eg som guide på fotturar og sommarskiekspedisjonar på Svalbard, og har vore på fleire turar i Antarktis. Eg forelska meg i ein enkemann med tre småjenter og har no ein stor familie, fortel 69-åringen.

Vietnamkrigen, oljekrise og prøvesprenging

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg trur det var Vietnamkrigen og amerikanarane sin bruk av napalmbomber. Alle i min generasjon hugsar vel biletet av den vesle nakne jenta som hadde kasta av seg dei brennande kleda.

Biletet av 9 år gamle Kim Phuc som vart offer for ei napalmbombe droppa av USA sine sørvietnamesiske allierte under Vietnam-krigen skaka verda i 1972. (AP Photo/Nick Ut, File)

Året 1973 var den unge kvinna frå Bærum student på Blindern, der ho tok historie grunnfag.

– 1973 var eit dramatisk år med Vietnamkrigen, som tok ein dramatisk slutt då amerikanarane til slutt vart henta ut på taket, og Watergate i USA då president Nixon til slutt måtte gå av.

Det året vart folkekongen Olav fotografert på veg til skitur med Frognersetertrikken og Arnesen minnest tomme gater i helgene på grunn av køyreforbod, sidan det var oljekrise i Vesten.

– Eg hugsar også at Frankrike hadde ei atomprøvesprenging i Stillehavet, noko som førte til boikott av franske varer og det einaste vi studentar kunne bidra med var å ikkje kjøpa fransk vin…..

Frilansarbeid og idrett

Etter eitt semester heime flytta Arnesen til Kringsjå studentby. Ho hadde ikkje TV, men las mykje fag, skjønnlitteratur og aviser.

– Eg var aktiv orienteringsløpar, jobba som frilans journalist og fotograf i Budstikka og trente unge langrennsløparar. Sjølv deltok eg i turrenn om vinteren etter å ha slutta som aktiv etter juniortida, minnest ho.

Den store slageren det året var «Killing me softly with his song» av Roberta Flack. Elles lytta historiestudenten til Bob Dylan, Joni Mitchell og Carly Simon.

Sjenert 20-åring

Akkurat 20-årsdagen minnest ho ikkje, men reknar med han gjekk føre seg som dei fleste andre bursdagsfeiringar i familien, med foreldre, bror, kjærastar, tanter, onklar, fetrar, kusiner og mammas marsipankake.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Det må ha vore mine aller næraste sidan eg var sjenert og ganske introvert.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Trur eg ville halde meg til det rådet faren min gav meg då eg var yngre og veldig utolmodig. «Ta det med ro. Du greier det du vil.»

Ei ung Liv Arnesen på vintertur på Hardangervidda. Foto: Privat

Draumen om Sydpolen

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg har aldri hatt nokon barnedraum om kva eg skulle bli sett bort ifrå då eg las om Roald Amundsen sin sydpolekspedisjon då eg var 8–9 år.

Roald Amundsen (til venstre) og hans reisefølgje plasserte det norske flagget på Sydpolen 14. desember 1914. Foto: Olav Bjaaland (1873–1961)

Arnesen skjønte ikkje at det å gå på ski til Sydpolen kunne vera eit yrke, difor drøymde ho vidare om å bli olympisk meister på langrenn. Ein ryggskade som 15-åring sette kjeppar i hjula for det.

– Etter det fokuserte eg på trenarrolla og oppdaga at eg likte å jobba med ungdom og sikta meg mot ein jobb som lærar i vidaregåande skule.


Unni Lindell fekk som 20-åring publisert noveller i A-Magasinet. I dag er ho rekna som Noregs krimdronning, og er aktuell med krimromanen «Fremmedlegeme». Foto: privat // Eivind Taksrud, Who Dares, Bonnier Forlag