Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var 20 år gamal i 2008, så då var eg vel på tredje året av medisinstudiet i Oslo. Eg kjøpte mi første leilegheit i byen og var vel akkurat i gang med ei slags reise mot å bli den eg er no.

Det skriv Kaveh Rashidi i ein e-post til Framtida.no.

Det er ventelister for å kome på pasientlista til mannen som vart kåra til Årets allmennfastlege i 2022. Berre i år har 34-åringen fått tildelt Skamløsprisen og vorte nominert til Jenteprisen, som ein av ytst få menn.

34-åringen er også assisterande overlege i bydel St. Hanshaugen i Oslo. Denne helga har kjendislegen programleiaransvar for TV-aksjonen, som i år går til Leger Uten Grenser, saman med Anne Rimmen og Mikkel Niva.

Deltidsjobb som pleieassistent

Som 20-åring var det mykje tid som gjekk med til studium og aktivitetar rundt studiekvardagen.

– Eg jobba så vidt eg hugsar på ein sjukeheim som pleieassistent, og såg ein ganske trist og traust kvardag for våre eldre, og ikkje minst for den éine sjukepleieran eg hugsar som måtte springe opp og ned dei sju etasjane heilt ålene på nattevakter.

Elles var det stort sett de vanlege student-tinga, med fester og utforsking av livet, fortel Rashidi.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Finanskrisa! Ho gjekk jo heilt amok då eg var 20 år (og var årsaka til at eg kom meg inn på bustadmarknaden). På den tida hugsar eg at det var snakk om ein bustadkrakk utan sidestykke som skulle sette spor. Men faren min rådde meg likevel til å kjøpe, og det var jo ikkje dumt, for eg fekk ei ganske fin leilegheit på Bislett i Oslo til ein tredel av kva dei kostar no …

Leilegheita den gong kosta rundt 1,1 millionar kroner og studenten fekk det til med sparepengar etter å ha budd heime og foreldre som stilte som tryggleik i møte med banken.

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap), saman med sin finansminister Kristin Halvorsen (SV) (t.h) og dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) fotografert i 2008. Foto: Arbeidarpartiet

Viktige kompisar

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Ah, det skulle eg ynskja at eg hugsa. Men eg har inga aning! Eg gjettar at eg inviterte til ein aldri så liten fest i leilegheita på Bislett.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Då eg var 20 trur eg at det var kompisgjengen på legestudiet som betydde mest. Eg var nok meir distansert frå familie på den tida.

Kva las du/lytta til/såg på?

– Eg las nok berre faglitteratur, og ikkje noko anna. Det handla om å ta til seg legekunnskap. På musikkfronten trur eg at eg hadde funne ein slags overgang frå tidlegare indie-pop-verda via nokre norske artistar som Jaga Jazzist og Bugge Wesseltoft inn i jazz-sjangeren.

Eigen herre midt i sentrum

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20 og kvifor?

– Eg synest det var noko heilt spesielt å flytte inn i eigen kjøpt leilegheit, heilt ålene. Den kjensla av å setje saman eigne møblar og vere sin egen herre midt i Oslo sentrum var ganske kul.

– Visste du kva du skulle bli i livet? 

– Tja, eg studerte jo medisin, så sånn sett visste eg det. Men på den tida trur eg det var kirurgifaget som freista mest, det ønsket dabba fort av.

 Umoden fyr

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg trur ikkje eg tenkte så mykje om livet og framtida, for å vere ærleg. Eg var berre i ein del av eit system, som var studiet mitt, der det handla om å gjere det bra på neste eksamen. Og innimellom der var det vener.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At det var ein umoden fyr som hadde mykje vekst igjen, og som trong tid på å finne seg sjølv.  

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ta det med ro, ting hastar ikkje så mykje.


På bilete til venste er Bjarte Myrhol 24 år gammal, og aktiv på landslaget i handball. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB, Terje Bringedal/Vigmostad & Bjørke