SV seier nei til regjeringsforslaget om studieavgift for utanlandske studentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ille, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) til Adresseavisen.

I forslaget til statsbudsjett går regjeringa inn for studieavgift for studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits. Men regjeringa må ha SV med på laget for å få fleirtal. Få ser for seg at det er mogleg å få til ein avtale om heile statsbudsjettet med andre parti enn SV.

175.000 kroner i studieavgift

Noreg er eit av få land i verda der alle internasjonale studentar fram til no har sloppe å betale studieavgift og regjeringa reknar med at Noreg kan spare 1,2 milliard kroner i året om forslaget blir realisert.

Regjeringa legg opp til at avgifta minst skal dekkje kostnadene for studieplassen og vil gjelde nye studentar frå hausten 2023. Ved NTNU må internasjonale sivilingeniørstudentar rekne med å betale 175.000 kroner i året i studieavgift.

SV: – Løftebrot

Men SV seier nei. I Noreg skal utdanning framleis vere gratis for alle, meiner partiet.

– Det er løftebrot, seier Haltbrekken. Han viser til det politiske grunnlaget for regjeringa, Hurdalsplattforma. Det er berre eitt år sidan Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart samde om ein avtale for samarbeidet i regjering. Her står det:

«Høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, òg for internasjonale studentar.»

– Klarare kan det ikkje seiast, slår SV-politikaren fast.

illustrasjon med ein ung mann og pengar.

FRÅ SMÅTT TIL STORT: Det er mange forskjellige ting i statsbudsjettet som kjem til å påverke økonomien din. Illustrasjon: Canva.com