Vestland fylkeskommune er årets nynorskkommune
Språkrådet har kåra Vestland fylkeskommune til Årets nynorskkommune for arbeidet sitt med nynorsk på alle samfunnsområde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år har juryen sett spesielt mot kommunar som har sett i verk tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.
– Dei tilsette har god kjennskap til språklova, noko det har vore viktig for oss å løfte fram i år. I Vestland er nynorsken representert i planar og strategiar, og han er synleg i det offentlege rommet, seier juryleiar Margrethe Kvarenes.
I grunngivinga til juryen heiter det mellom anna at fylkeskommunen «har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at dei tilsette kjenner språklova, har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei viser strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen».
Prisen, som er på 100.000 kroner, vart delt ut av kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) på Litteraturhuset i Oslo måndag.