Desse knivar om å verte Årets nynorskkommune

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finalistane i Kulturdepartementet si kåring av Årets nynorskkommune er klare, og vestlandsdominansen er sterk.

Kommunane Stad, Bergen og Kvam er alle nominerte, og det er òg Vestland fylkeskommune. Den einaste finalisten som ikkje kjem frå Vestlandet, er Vinje kommune i Vestfold og Telemark.

Stem på din favoritt i vår uhøgtidelege meiningsmåling under:

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Stad kommune19
Bergen kommune9
Kvam herad197
Vinje kommune243
Vestland fylkeskommune34
Ingen av desse19
Svar totalt: 521

OBS: Dette er ei uhøgtideleg meiningsmåling på Framtida.no og vil på ingen måte påverke juryarbeidet til Språkrådet.

200.000 kroner i prispotten

Prisen går til ein kommune eller ein fylkeskommune som legg godt til rette for nynorsken. Juryen består av representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noreg Mållag og KS.

– I år ynskjer vi å premiere ein kommune eller fylkeskommune som har sett språklova ut i praksis, sa juryleiar Margrethe Kvarenes i ei pressemelding tidlegare i haust. Ho er er seksjonssjef i Språkrådet.

Tidlegare har Kulturdepartementet delt ut prisen kvart år, men frå no av vert det annakvart år. Det inneber òg at prispotten er dobla, til 200.000 kroner.

Vinnaren vert delt ut på Litteraturhuset i Oslo den 24. oktober. Prisen vert delt ut av kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap). 


Illustrasjon: skjermbilete altinget.no og Twitter