«Equinor har eit klimaproblem, ikkje eit kommunikasjonsproblem som kan fiksast med kampanjar»

Tone Bjørndal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert i Energi og klima og er omsett til nynorsk med velvilje frå forfattaren.

Equinor har eit klimaproblem, ikkje et kommunikasjonsproblem som kan fiksast med kampanjar og marknadsføring. Inntrykket etter dialogmøtet med ungdom i Bergen er at selskapet ikkje har planar om å endre seg.

Equinor reiser i desse dagar landet rundt med det dei kallar dialogmøter om klima og energi. Eg var tilstades då turneen kom til Bergen. Møtet forsterka inntrykket av eit selskap som ikkje er på bølgelengd med klimaengasjert ungdom.

Møtet på Litteraturhuset i Bergen den 19. november skulle vere «for deg som er interessert i klima og energi, og mellom 18 og 35 år», og temaet var intet mindre enn: Kva må til for å løyse klimautfordringane?

Salen var nesten fullsett av unge menneske – og eit par andre som hadde trassa «aldersgrensa». Første post på programmet var ein reklamefilm frå Equinor der ei engelsk stemme fortalde kvifor vi ikkje kan halde fram som i dag på grunn av klimaendringane, men at vi samtidig treng meir energi, både fornybar og mindre karbonintensive fossile brenslar.

Kven skal jobbe der om ikkje dei unge er interesserte?

Kveldens moderator, Siri Kristiansen, starta med å spørje om nokon vart provosert av filmen. Fleire i salen nikka og mumla «ja». Kristiansen sa deretter at alle skulle få ordet, og påpeikte kor bra det er at Equinor gjer dette: Framfor å sei til ungdommen at «de skjønar ikkje», tek Equinor seg tid til å svare på spørsmål.

Kristiansen forklarte at bakgrunnen for møtet var dystre tall som viser at under halvparten av unge har eit godt inntrykk av Equinor. Endå færre har tillit til at Equinor tek klima på alvor. Samtidig er nesten tre fjerdedeler av unge uroa for miljøet – medan Equinor er uroa for dei unge. Dette er nemleg alvorleg for eit selskap som har som ambisjon å produsere olje og gass i mange tiår til. Kven skal jobbe der om ikkje dei unge er interesserte?

Og det virkar som om usemja gjeld eit heilt grunnleggande spørsmål: Kva framtid ser vi for oss? Skal vi tru Equinor, er det ei framtid der vi framleis har olje- og gassutvinning – forbi 2050. Men både ungdomane i salen og dei to andre i panelet, klimaforskar og direktør for Bjerknessenteret, Tore Furevik og leiar for klimastiftinga Om i morgen, Silje Skjelsvik, var tydelig usamde.

Kor er klimaplanen?

Skjelsvik etterlyste ein konkret klimaplan: «Kor er klimaplanen med handling, handling, handling? Næringa er ikkje – kan ikkje – vere ein del av morgondagens samfunn.» Ho påpeika også seinare at fornybar energi er mykje meir effektivt enn fossil energi, noko som gjer at vi treng mindre fornybar energi for å erstatte dagens fossile energi.

Eline Aresdatter Haakestad, ungdomsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grønne (MDG) i Bergen bystyre, spurte om når Equinor skal slutte å leite etter olje og gass og når dei skal bli heilt fornybare, til applaus frå salen. Leiar for anskaffing i Equinor, Torbjørn Wentzel, svara: «Vi har ikkje noko gitt årstall for når vi skal slutte. Vi ser at det er etterspurnad, og at det er ein stor marknad. Vi har ei enorm befolkning, dei treng energi.»

Vil alltid vere behov for olje og gass

Og det vil alltid vere behov for olje og gass, fortsatte Christina Schieldrop, produksjonsdirektør for Gullfaks i Equinor. «Også innanfor ei optimal reise framover, ja, i alle scenario, har olje og gass ein plass. For olje og gass vert ikkje berre brukt for å lage strøm: det vert brukt til råstoff, det vert brukt til veldig mykje anna som ikkje kan erstattast av vindmøller og sol. Det vil vere behov for olje og gass uansett kor grøne vi blir. Det vil alltid ha ein plass i energimiksen.»

På eit nytt spørsmål om fossil-stopp spurte produksjonsdirektør Schieldrop klimaforskar Furevik om hans meining. Han var tydeleg på at vi i 2050 ikkje bør ha nokon utslepp, dersom vi skal legge FNs klimapanel til grunn. Schieldrop svara: «Nullutsleppssamfunn i 2050 er eit veldig godt utgangspunkt. Då må vi forfølgje alle moglegheiter – ikkje berre fornybar – men også energieffektivisering og karbonfangst- og lagring (CCS). Vi må forfølgje alt, fordi det er summen av desse som kan ta oss der».

I den summen er tydelegvis også olje og gass inkludert.

20% av investeringar skal vere fornybart i 2030

Eit anna tema var Equinor si fornybarsatsning. Skjelsvik peikte på at fornybar energi framleis utgjer ein liten del av selskapet sine aktivitetar: «Dei prosjekta blir så små i forhald til Equinor si totale satsing.» Schieldrop svara at det kanskje vert oppfatta som veldig lite, men eigentleg er veldig mykje, og sa at det skal investerast heile 100 milliardar i vindmølleparken i Storbritannia (Doggerbank). «Så sjølv om det kan følast lite, så snakkar vi om veldig mykje pengar».

Furevik påpeikte at det likevel er ein veldig liten del av investeringane som går til fornybart i forhald til fossilt – og at planane til Equinor ikkje er av det ambisiøse slaget: 20 prosent av investeringar skal vere i fornybart i 2030 (eller «nye energiløsninger», som dei kallar det, som også inkluderer CCS), noko som gir 80 prosent til fossilt.

Equinor si forklaring på kvifor dei ikkje investerer meir i fornybar energi var mangel på prosjekt, og at dei har eit behov for støtteordningar. Kanskje det her ligg nokre gode moglegheiter til å bruke sitt store apparat på å påverke til auka fornybarsatsing framfor aukt petroleumsaktivitet?

Eit stort skille mellom unge og Equinor

Før møtet lurte eg på om dette var ein reell moglegheit Equinor ville bruke for å få innspel frå unge. Noko dei etterpå ville bruke og implementere. Det ville nemleg vere ein gyllen sjanse for selskapet å tiltrekke seg unge i tida framover.

Men det er ikkje inntrykket eg sit igjen med. Inntrykket er heller at dei ikkje har nokre planar om å gjere endringar. Det er synd, for eit selskap som Equinor har nemleg høve, ei stund framover, til å ta klima på alvor og omstille seg – og dimed også sikre ei framtid for selskapet. Trass i at dette var eit dialogmøte, og ungdom og Equinor rett nok snakka saman, virka det ikkje som om Equinor hadde nokre planar om å gjere endringar basert på det tilskodarane sa.

Josefine Gjerde, fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland kom med følgjande oppmoding: «Eg er redd, for klimaendringane finst ikkje lenger i ei abstrakt framtid. Sjølv om all forsking, all fornuft og ein heil generasjon ber dykk la vere, så held de fram. Vi ber dykk ta denne sjansen: Snu. Snu medan de endå har tid.»

Diverre var det ingenting av det som vart sagt frå Equinor si side som tilseier at dei vil lytte til denne appellen.