Den nye SNU-leiaren vil ha gratis prevensjon for dei under 16 år

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg brenn mest for er menneskerettar, òg medrekna seksuelle rettar, fortel Thea-Caroline Zwahlen på e-post til Framtida.no.

Den halvt sveitsiske 26-åringen frå Strømmen er nyvald leiar i Seksualpolitisk nettverk for ungdom (SNU), og fortel at ho vart engasjert av fleire årsaker.

Ho hadde eit ønske om å vere frivillig, men merka at tida ikkje strekte heilt til medan ho gjekk på vidaregåande og hadde jobb ved sidan av skulen.

Sentralt samtykke

I 2019 fekk ho omsider mogelegheita til å engasjere seg, og byrja som frivillig på 50-års jubileet til Sex og Politikk, moderorganisasjonen til SNU. Sidan den gong har ho engasjert seg i ei rekkje organisasjonar og verv.

Ved sidan av menneskerettar, ligg utdanning og språk nært åt hjarta til Zwahlen:

– Eg meiner det er utruleg viktig å lære å forstå korleis ein skal kunne gjere seg forstått her i verda, og samtykke er ein stor del av dette. Korleis vi spør om samtykke og gjev samtykke står sentralt her, meiner eg.

Samtykkelov, seksualitetsundervisning og gratis prevensjon

Ei av kampsakene til ungdomsorganisasjonen det komande året, er nemleg å arbeide opp mot ei samtykkelov.

I Hurdalsplattforma gjekk regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet inn for å greie ut om straffelova skal verte endra slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt, og leggje fram forslag om det innan 2025.

– Vidare så held vi også fram med å jobbe med å betra seksualitetsundervisninga både nasjonalt og internasjonalt, som er kampsak nummer to, legg Zwahlen til.

Sist, men ikkje minst, vil SNU arbeide for at dei som er under 16 år skal få gratis prevensjon.

– Kva er dine eigne hjartesaker?

– Det er seksuelle rettar og kunnskapsbygging på ulike plan.

Tidsklemma og middag med Freddie

Thea-Caroline Zwahlen har mange jarn i elden, for i tillegg til dei frivillige engasjementa har ho to deltidsjobbar og er fulltidsstudent i eit masterløp i sosiologi.

– Utanom det elskar eg å danse, lage god mat, sy, strikke, sykle, fikse og drive på med plantane mine og oppfylle ting på bucket-lista mi.

Den største tidstjuven i kvardagen hennar er å tenkje på stresset som følgjer med å ha så mykje å drive med:

– Men eg er heldigvis vorte flinkare til å handtere kvardagen min på ein annan måte enn det eg har vore tidlegare. Eg har funne tilbake gleda av å ha mykje å gjere, noko som ikkje er lett etter dei åra som har vore.

Om 26-åringen kunne invitert kven som helst på middag, så hadde ho bede Queen-vokalist Freddie Mercury til bords:

– For å snakke om alt mogeleg, men mest for å takke han for det føredøme han har vore og framleis er for bifile og homofile – både i form av rettar og aksept i samfunnet, men òg kampen hans mot aids og openheit rundt det. Og ikkje minst hans utrulege talent og kule outfits.

For å sikre at middagen og samtalane over bordet heldt fram så lenge som råd, skulle Zwahlen servert ein sjuretters middag med tilhøyrande vin.

Vil vere eit føredøme

Den nyvalde SNU-leiaren fortel at ho som leiar vil vere ein kombinasjon av ein som dreg lasset og ein ribbon cutting ceremonial leader.

– Det eg meiner med det, er at eg innetter vil vere eit føredøme, ein trygg vaksen som skapar eit godt arbeidsmiljø og nokon som motiverer teamet mitt. Nokon som gjev ros, byggjer andre opp og skapar mogelegheiter for nye utfordringar, forklarar Zwahlen og held fram:

Thea-Caroline Zwahlen er nyvald leiar i SNU. Foto: Privat

– Vidare så vil eg utetter vere nokon som representerer SNU sine verdiar, politiske formål og våre medlemmar, ei stemme for andre og nokon ein kan stole på og ha tillit til.

Samstundes vil 26-åringen leie SNU inn i ein ny fase, der dei vil jobbe for å verte ein sjølvstendig driven og uavhengig ungdomsorganisasjon som jobbar med seksuelle og reproduktiv helse og rettar både nasjonalt og internasjonalt.

Når ho skal peike på leiarførebiletet sitt, løfter Thea-Caroline Zwahlen både tidlegare leiarar i SNU og arbeidsgjevarane sine frå deltidsjobbane, som ho skildrar som utruleg pedagogiske og respektfulle.

– Utover det har eg vore ansvarleg for ulike team og menneske i jobbane mine og føler eg har god kjennskap til å leie eit team. Likevel, så må ein prøve å feile litt i starten for å finne sin eigen leiarstil.

Etter ein månad i leiarstolen hjå SNU, meiner Zwahlen at ho har funne stilen sin.

Musk og Bezos gjev vekk pengane

– Korleis held du deg oppdatert?

– På ulike måtar, gjennom vennar, arbeidskollegaar og FB-grupper til dømes, men mest gjennom sosiale medium og 2–5 kvar veke sjekk av aviser.

Den nyvalde SNU-leiaren fortel at ho er litt lettskremt, men spesielt brot på menneskerettar skremmer ho:

– Og her spesielt utviklinga at rik vert rikare og fattig vert fattigare. Og ikkje minst, kvifor dette skjer og kven som tener eller står bak dette.

Om Thea-Caroline Zwahlen kunne vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore:

«Bezos og Musk vil leve nye liv, og deler ut alt av pengar dei ikkje treng for å overleve i eit normalt liv til ei som treng det mest! Verda er i ferd med å ha verdsfred for første gong og ingen treng å svelte noko sinne igjen!»

Korrupsjonen som hindrar idealsamfunnet

Thea-Caroline Zwahlen er snart ferdig utdanna sosiolog, og trur det realistisk sett ikkje finst noko idealsamfunn.

– Sjølv om nettopp det er grunnen til at eg ville verte sosiolog, for å forstå kva det er ein må endre på for å skape eit betre – om ikkje det beste – samfunnet for alle.

26-åringen fortel at det var ganske tungt å få innblikk i kor korrumpert og grufullt enkeltindivid og institusjonar i verda kan vere, og korleis dette hindrar oss i å nå nettopp eit idealsamfunn.

– Kanskje eg er litt naiv og mogelegvis altfor optimistisk, men eg ønskjer framleis å jobbe på der eg kan for å gjere verda til det betre. Så kva er idealsamfunnet, det veit eg ikkje. Men eg skal gjere alt eg kan for å nå det gjennom arbeidet mitt.

 

– Kva bok burde alle lese, og kvifor?

– The happy brain av Dean Burnett. Den tek deg med på ei reise av hjernen og viser deg alle fasettar ved han, gjennom humor og kunnskap. Det er eit «relativt» kort liv vi har her på jorda og det er viktig å forstå kva vi kan gjere for å gjere det meste og beste ut av det og det vil ikkje skade å kunne skjønne kva som er best for oss og vår kropp på vegen til våre mål.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Om ein er lite oppteken og treng noko langvarig, så: Grey’s Anatomy eller The Walking Dead. Der er så mange sesongar at du kan halde på i ei æve.

Om ein treng noko intenst og emosjonelt: Stranger Things eller The Good Doctor.

Om ein treng noko litt lett humor og noko ein kjenner seg att i sjølv: Sex Education eller Gilmore Girls.

Om du vil kaste vekk tida di på noko spenning med ein antiklimatisk slutt: Game of Thrones eller Lost.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Move on Up av Curtis Mayfield eller Ain’t No Mountain High Enough av Diana Ross.


Jane-Victorius Bonsaksen er nyvald leiar i Skeiv Ungdom. Foto: Privat

Fakta

Frå: Sveits og Noreg, meir nøyaktig frå Bern og Strømmen

Alder: 26 år

Personleg pronomen: Ho/henne

Yrke/utdanning: Samfunnsvitar med to bachelorgrader og snart ein master i sosiologi

Favorittfag på skulen: Engelsk

Ulike verv: Vara, internasjonal ansvarleg, økonomiansvarleg, SNU delegat, SNU representant, styremedlem i kommunikasjonsutvalet og arbeidsutvalet, leiar for internasjonalt utval og leder for SNU (no)

Medlem i: SNU, Sex og Politikk, (betalande medlem i Amnesty og tidlegare frivillig i Røde Kors)