Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare har Frankrike hatt tilbod om gratis prevensjon for jenter opptil 18 år. Frå 1. januar blei ordninga utvida til å gjelde kvinner under 26 år.

Det skriv France24.

Den franske helseministeren Olivier Véran seier at bruken av prevensjon blant unge kvinner har gått ned, og forklarar at hovudårsaka er dårleg økonomi.

– Det er uhaldbart at kvinner ikkje kan beskytte seg, ikkje kan få tilgang til prevensjon, når dei openbert vel det, fordi det kostar for mykje for budsjettet deira, sa han då utvidinga av ordninga vart kunngjort i september i fjor.

Styrkje kvinners rettar og hindre fattigdom

Ordninga omfattar p-piller, spiral, p-plaster og andre metodar med steroidhormon, og kan kome tre millionar kvinner til gode. Grensa er sett til 25 år, då det ifølgje helseministeren er ein alder som svarar til at ein er meir sjølvstendig når det gjeld økonomi, inntekt og sosialt.

Gratis prevensjon for kvinner føyer seg inn i rekkja av tiltak president Macron si regjering har sett i verk for å styrkje kvinners rettar og hindre fattigdom blant unge. I fjor gjorde dei bind og tampongar gratis for studentar, og sanitetsprodukt vart tilgjengelege ved universitetsbustadar og ved universiteta sine helsetenester.

Noreg må følgje etter

I Noreg får ein økonomisk støtte til å dekkje heile eller delar av kostnadane for prevensjon når ein er mellom 16 og 22 år.

Alberte Bekkhus i Raud Ungdom meiner det franske tiltaket er kjempebra, og at Noreg må følgje etter.

– Det er stort rom for forbetring her. Vi vil ha gratis prevensjon for alle under 30 år, også dei under 16 år, seier ho på telefon til Framtida.no. Ho understrekar at dei har som mål at prevensjon skal bli gratis for alle. 

Alberte Tennøe Bekkhus er leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

Raud Ungdom-leiaren utdjupar at det handlar om at folk skal ha ein trygg seksualitet, og at økonomi ikkje skal vere eit hinder for det, uansett alder. 

– Eg kan kjenne meg att i det sjølv. Det var heldig at eg hadde råd til å setje inn p-stav då eg gjorde det. 

For mange er også prevensjon en måte å regulere menstruasjon og menssmerter på. 

– Og det er ikke 16-årsgrense på menssmerter!

Bekkhus meiner gratis prevensjon bidrar til frigjering, og at det viktigaste vi må gjere no, er å leggje press på politikarane.

Fleire land har innført gratis prevensjon

Sidan 2013 har Frankrike tilbydd gratis prevensjon til jenter mellom 15 og 18 år, og frå 2020 også til dei under 15.

I fleire europeiske land, som Belgia, Tyskland og Nederland, er prevensjon gratis for tenåringar. I Storbritannia er fleire former for prevensjon gratis for alle.

Samstundes er retten til prevensjon under press fleire stader. Den konservative regjeringa i Polen har avgrensa tilgangen til nødprevensjon, og under Donald Trump blei Obama sin helsereform i USA, som gav dei fleste med helseforsikring gratis tilgang til prevesjon, skrota, og arbeidsgjevarar får velje bort prevensjonsdekning av religiøse årsaker.


Kan ein bli gravid i alle stillingar? Er det trygt å aldri ta pause frå p-pillene og finnast det ein kondom for alle? Foto: Simone van der Koelen, Unsplash.com og Colourbox