Maud Angelica om Ari Behns gravferd: – Den talen betyr veldig mykje for meg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var så viktig for meg å halde den talen, seier Maud Angelica til NTB.

Det er første gong ho gir intervju etter at faren Ari Behn tok sitt eige liv første juledag i fjor.

– Talen betyr veldig mykje for meg

I dag beskriv Maud Angelica dagane etter sjølvmordet til faren som overveldande. Men sjølv om ho var i sjokk og sorg, var ho fast bestemt på at ho skulle halde tale i gravferda. Resultatet vart eit gripande minneord som ho i ettertid har fått mykje ros for.

– Det betydde så mykje for meg at eg kunne få noko verdig og noko fint ut av alt det forferdelege. Og det følte eg at eg kunne gjere med den talen – å bruke sorga mi til å seie noko til andre, seier Maud Angelica.

Ho er stolt over at ho klarte det.

– Den talen betyr veldig mykje for meg, seier ho.

https://www.facebook.com/ABCNyheter/videos/834463413659923/

Teikna saman

I tida etter dødsfallet har Maud Angelica fått god hjelp frå psykolog og frå ei sorggruppe som ho har delteke i. Men det har vore vonde månader.

– Mamma har sagt at det er litt som å puste inn og ut. Av og til må ein tenkje på det, og av og til ikkje, seier ho.

Sjølv hugsar ho faren som kunstnar tvers igjennom.

– Han var veldig flink med ord og komplimentar. Alt han sa var eigentleg som eit kunstverk. Det var så poetisk og fint, seier ho.

Når han måla, var det ofte med barna rundt seg og tusjar og måling strødd rundt på golvet.

Nokre gonger teikna dei òg saman, ved at Maud Angelica først teikna éi linje, og så teikna faren den neste.

– Eg hadde så lyst å lage eit måleri saman med han. Men det fekk eg aldri gjort.

Maud Angelica Behn signerer teikninga ho lagde av faren Ari Behn. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

Minneutstilling

Denne veka har familien vore fleire turar på Jeløya ved Moss, der det no blir gjort klart til minneutstilling på Galleri Varden.

Der får publikum sjå eit utval av måleria til Ari Behn – men også trykk som Maud Angelica sjølv har laga.

Det eine er eit portrett av Ari som også vart vist fram i gravferda. Bildet skulle vere Maud Angelicas julegåve til faren. Men han døydde før ho fekk gitt det til han.

Inntektene frå trykka skal gå til Leve, ein organisasjon for etterlatne etter sjølvmord. Det er ein organisasjon som det betyr mykje personleg for Maud Angelica å kunne støtte.

– Eg er så uendeleg takksam og glad for at eg kan gjere det.

Prinsesse Märtha Louise og døtrene Emma Tallulah Behn, Leah Isadora Behn og Maud Angelica Behn under ei omvising på Galleri Varden på Jeløya ved Moss, der eit utval av Ari Behns verk no skal stillast ut. Utstillinga opnar for publikum laurdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

– Masse gode minne

Prinsesse Märtha Louise seier det har vore vanskeleg for barna etter at faren døydde.

– Det har vore veldig tøft. Men det går heldigvis betre og betre etter kvart.

Samtidig er det mange gode minne å sjå tilbake på, understrekar ho. Prinsessa trekker fram dei store middagane Ari pleidde å arrangere for venner og familie, medan Maud Angelicas veslesøster Emma Tallulah (11) spesielt hugsar filmkveldane med faren og leikeplassen dei pleidde å besøkje i England.

– Det er masse gode minne. Han var så innmari bra far, seier prinsesse Märtha Louise til NTB.

– Det at dei no skal vekse opp utan far, det er berre hjarteskjerande.

Maud Angelica Behn heldt minneord for far sin Ari Behn då han vart bisett i Oslo domkyrkje. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix