Eva og Dina skal «forske» på frykt med ein svart varebil

Dei danske kunstnarane vil gjere mørket mindre skummelt ved hjelp av musikk.

Åshild Slåen
Publisert

Hausten kjem, dei lyse sommarnettene forsvinn, og mørket pressar seg på. Har du kjent på frykta når du går heim i mørket åleine?

Kva kan hjelpe mot den kjensla som for mange verkar så grunnleggjande?

– Vi skal snakke om dette på eit samfunnsnivå, og kome med faktiske løysingar, ikkje berre frykt.

Det seier songskrivar og lydprodusent Eva Koza (25) når Framtida.no møter henne.

Saman med musikal-utdanna Dina Fie Lorentzen (32) er planen deira klar:

Frykta for vegen heim i mørket skal jagast bort med musikk og lyd.

Raudhette i den verkelege verda

Framtida.no møter Lorentzen og Koza i København, i juni, ein av dei tryggaste byane i Europa, på den lysaste tida av året. Dei førebur neste steg i prosjektet Safe and Sound.

Dina Fie Lorentzen er utdanna musikalartist, og har jobba i kunstbransjen i fleire år. Eva Koza studerer framleis, men er også musikar med fleire prosjekt på gang.

Sommaren 2023 møttest dei på talentutviklingsprogram. Då starta ideen om å setje opp ei feministisk tolking av eventyret Raudhette og ulven som teater, eller lage eit lydverk eller konseptalbum.

Då dei skulle finne ut korleis prosjektet kunne stillast ut, prata dei med ein kunstnar som jobba med korleis lys kan få folk til å føle seg tryggare. Ideen om at dette kunne vere samfunnsnyttig på eit større nivå vart fødd.

– Det var tydeleg kva problemet var, og det er kjensler når ein skal gå heim, enten det er på ein skummel sti, eller ein veg, eller i ein by, seier Lorentzen.

Ho ville trekke den uredde raudhette-figuren ut i den verkelege verda.

– Femti prosent, om ikkje meir, av dei kvinnene eg kjenner har på eit eller anna tidspunkt følt seg utrygge når dei skal gå heim, og det synest vi var veldig slåande.

Frykt og faktisk fare

I 2021 viste ei spørjeundersøking blant 7000 danskar at kvar åttande kvinne var bekymra for å gå i nærområdet etter det vart mørkt, mot kvar tjuande mann. Samstundes er det mykje større sjanse for at menn blir utsett for vald enn kvinner.

Til liks med andre land er den største delen av vald og spesielt seksuell vald, utført av personar som kjenner offeret.

Med andre ord, sjølv om det er legitime grunnar til å vere redd, samsvarer ikkje kjenslene nødvendigvis med risikoen.

Samfunnsnyttig kunst

Tala er ikkje overraskande for Lorentzen. Spørsmålet er korleis ein kan fjerne noko av denne frykta.

– Danmark er jo eit av dei tryggaste landa i verda, kva er det som gjer at ein blir redd med ein gong det blir mørkt?

Koza og Lorentzen er no kopla på SOUND, eit fellesskap som tek inspirasjon frå Start-Up-miljø i techbransjen, der musikarar og lydkunstnarar får ressursar til utvikle større prosjekt.

I arbeidet sitt har dei prata med både forskarar og kunstnarar, som har hjelpt dei fram til omrisset av ei løysing.

– Det handlar om kompetanseutvikling. Vi oppdrar gutane våre til å leikeslåst, medan vi passar på jentene våre på ein annan måte, seier Lorentzen.

Nøkkelen blir då å snu på fryktkjensla. Musikk kan vere eit godt verktøy for å forme humøret til nokon. Eva Koza fortel at dette er eit vanleg verktøy i musikkterapi.

– Det heiter avstemming. Ein kan ikkje gå frå noko roleg til noko med høg puls. Vi har prata med forskarar om kompetanseutvikling der ein brukar musikk for å gå ut og konfrontere mørket saman.

Samstundes er det er det ikkje heilt enkelt å overføre til når du går ute, fortel Lorentzen.

– Når vi er redde har vi bruk for sansane våre. Viss vi berre går i gang med å blaste musikk, så kan vi ikkje høyre at nokon kjem, og då blir ein redd.

Konfronterer frykta

OK, teorien er der, musikk kan potensielt brukast til å gjere folk mindre redde, men korleis finn ein ut kva som fungerer? Må ein starte med den skumlaste skrekkmusikken og så jobbe seg fram til lågare puls? Kva er det som faktisk kan fungere? Og korleis finn ein ut av det?

Å finne svara på dette er neste steg for Lorentzen og Koza, og dei har eit hemmeleg våpen:

Ein skummel svart varebil.

Når Framtida møter kunstnarane har dei nettopp teke over bilen som dei i 2025 skal køyre rundt og dra menneske inn i. Ikkje som kidnappingsoffer, men som prøvekaninar for kva slags lyd og musikk som kan hjelpe folk. Planen er å køyre rundt på festivalar neste sommar for å finne frivillige som vil vere med i prosjektet deira.

Lasterommet i bilen skal utstyrast med høgtalarar og farga lyspærer i eit elles mørkt rom.

Respondentane skal gi tilbakemeldingar på kva dei føler og opplever når dei får høyre forskjellige lydar, og slik skal Koza og Lorentzen samle inn data til prosjektet sitt.

Å finne løysingar gjennom kunsten

Planen framover er å fikse bilen, ha ei teaterframsyning med tematikken, og vere klare til å hente inn data i 2025.

Fram til dei fekk bilen har dei vore i det dei kallar «inkubator»-stadiet av planen. Men no er dei snart klare for å teste teoriane sine i praksis, og få laga kunst, både for seg sjølv og for samfunnet rundt.

Dei brenn begge for å vise at kunsten kan vere ein veg til praktiske løysingar. Kva det endelege produktet blir, kva slags musikk dei skal bruke og korleis det vil sjå ut, er ikkje klart enno.

Det er ein klar feministisk tråd i måten dei to pratar om prosjektet.

– Kvifor skal vi vere redde? Vi kan godt gå gjennom skogen, og vi kan godt klare oss sjølve. Så vi prøvde å vende det heile på hovudet og provosere litt, seier Lorentzen.