Joe (12) fekk beskjed om å ikkje drodle i timen – no drodlar han på sko for Nike

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som 9-åring fekk Joe Whale trøbbel på skulen fordi han alltid drodla i timen. I staden for å kjefte, melde foreldra han på teiknekurs etter skuletid.

Det har lønt seg for den kunstnariske guten, som i dag er 12 år.

I sommar ringde nemleg skogiganten Nike – dei ville at han skulle drodle på skoa til det britiske kvinnelandslaget i fotball!

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Joe whale (@thedoodleboy.co.uk)

Har fans i kongehuset

Joe Whale har teikna sidan han var 3 år gammal, og då han først starta på teiknekurs vart læraren imponert over ferdigheitene hans.

Då læraren hans delte eit bilete av kunsten på Instagram, byrja plutseleg jobbane å tikke inn.

Først frå ein lokal restaurant som ville ha den talentfulle kunstnaren til å dekorere ein vegg, og seinare har både Disney, Hollywood og kronprins William og kronprinsesse Kate teke kontakt.

Til Framtida.no fortel Joe at det er kjempekult at han har fått jobbe med både Nike og Disney, men det er ikkje det aller stiligaste:

– Å skape bokserien min med Scholastic har definitivt vore det beste for meg, fortel han på e-post. 

Joe har nemleg illustrert fire barnebøker allereie, trass i at han berre er 12 år.

– Det er ikkje noko rett eller gale i kunst

Joe Whale vil fortsetje å skape og utvikle kunsten sin, og drøymer om å kunne halde fram som kunstnar.

– Har du nokon råd til barn som vil verte betre til å teikne? 

– Det er ikkje noko rett eller gale i kunst, prøv å ikkje tenke på feil og om du gjer ein feil sjå på det som ei mogelegheit til å skape noko betre!! Mest av alt, elsk det du driv på med. 

Men han rår andre barn til å gjere ferdig leksene sine før dei byrjar å drodle i timen.

– Om læraren din har eit problem med at du drodlar, så snakk med foreldra dine.


Denne teikninga av Hudson Rowan ligg an til å vinne røystinga for eit nytt «Eg har røysta»-klistremerke i samband med valet i Ulster County til hausten. Illustrasjon: Ulster County