Knappe seks veker etter ho vart vald, mista den britiske statsministeren jobben. Korleis skjedde det?

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OPPDATERING: Liz Truss meldte torsdag klokka 14.30 at ho går av som statsminister i neste veke. Denne saka vart skriven og publisert før dette skjedde.

Den britiske statsministeren Liz Truss er svært upopulær. Ho har berre støtta til ein av fem frå dei konservative, og blant britar generelt er det nede på ein av ti. Det er eit resultat av politikken ho gjekk til val på.

Korleis vart Truss statsminister?

Liz Truss vart vald inn av det konservative partiet 6. september i år.

Det skjedde etter at dåverande statsminister Boris Johnson gjekk av.

Johnson gjekk av fordi han hadde vorte svært upopulær. Ein stor grunn var skandalen som vart kalla «partygate». Der kom det fram at han hadde festa og brote restriksjonar under koronapandemien.

Det konservative partiet hadde difor eit internt val mellom kandidatane Rishi Sunak og Liz Truss. Ho vann med eit mindre fleirtal enn venta, på lovnader om skattekutt.

Kvifor har ho blitt upopulær?

Offisielt portrett-bielte av Liz Truss framfor Union Jack.

Liz Truss skulle samle det konservative partiet etter Boris Johnson. Det har ho ikkje lukkast med. Foto: Simon Dawson / No 10 Downing Street

Saman med finansminister Kwasi Kwarteng la Liz Truss 23. september fram eit såkalla «minibudsjett». Der kom dei med omfattande skattekutt.

Det er avgjerande for kvar Truss er no, meiner Erik Mustad. Han er førstelektor ved Universitetet i Agder og redaktør for nettstaden Britisk politikk.

– Ho har vorte så upopulær sidan ho i vanskelege økonomiske tider har kutta skattar betydeleg for rike menneske, seier han.

Ein knapp månad etter budsjettet vart lagt fram, måtte finansminister Kwasi Kwarten gå. Den nye finansministeren Jeremy Hunt har rulla tilbake det meste av skattekutta. Det måtte til for å svare på misnøya med budsjettet, og for å stabilisere pundet.

For sjølv om budsjettet følgde politikken som Liz Truss hadde sagt ho ville gjennomføre, hjelpte ikkje det då det britiske pundet stupte i verdi nokre dagar seinare.

Skattekutta skjedde også utan ein skikkeleg plan for korleis staten skulle gjere opp for den tapte inntekta. Til saman ville kutta koste statskassa om lag 37 milliardar pund, eller rundt 447 milliardar kroner.

Det viser dårleg dømekraft og er umusikalsk. Dermed har den nye finansministeren snudd opp ned på alt dette, legg Mustad til.

Kva skjer vidare?

Fleire konservative parlamentsmedlem frå hennar eige parti har sagt ho må gå. Det kjem på toppen av kritikk frå opposisjonen og generell misnøye i folket.

– Trekker ho seg, må det konservative partiet finne ein ny leiar. Den nye leiaren blir då automatisk statsminister sidan partiet vann valet i 2019, fortel Erik Mustad.

I 2019-valet var det Boris Johnson som var leiar, og som vart statsminister. Han har framleis mange tilhengjarar i partiet, trass i skandalane. Det blir viktig dersom Truss må gå som statsminister.

– Trekker ho seg blir det då truleg ein ny valkamp. Viss ikkje partiet endrar reglar.

Om partiet då vil stemme for Johnson, eller om dei finn ein ny person, er vanskeleg å seie. Det blir uansett ikkje lett å samle partiet fullstendig om ein kandidat.

– Partiet er svært splitta og den fremste oppgåva då Truss kom inn, var å samle partiet og finne ein politisk veg vidare. Med desse feilvurderingane, er dette no berre blitt verre.

Det konservative partiet gjer det dårleg på meiningsmålingane no, spesielt samanlikna med arbeidarpartiet i opposisjon. Difor vil partiet unngå eit nasjonalt val, sidan dei truleg ikkje vil vinne.


Liz Truss fekk ein hard start. Like etter ho vart statsminister, døydde dronninga:

Foto: Magnus Rotevatn