Ein av desse blir ny statsminister i Storbritannia

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.10.2022 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 5. september får vi svaret. Då skal dei konservative presentere sin nye leiar og dimed òg landets nye statsminister.

Etter at Boris Johnson i juli måtte gå av i kjølvatnet av fleire skandalar, har partiet stemt over kven som skal ta over i Downing Street.

Ei rekkje kandidatar har blitt redusert til to: Rishi Sunak og Liz Truss.

PS: Ei meiningsmåling i Observer syner likevel at dersom Johnson hadde stilt igjen, hadde han slått begge dei to leiarkandidatane.  

Boris Johnson kom med ein Terminator-referanse under sin siste spørjetime som statsminister i Underhuset.

Rishi Sunak

Rishi Sunak var britisk finansminister frå 13. februar 2020 til 5. juli 2022. Han var ein av dei 59 i regjeringsapparatet som gjekk av under skandalen som til slutt felte Boris Johnson. Sunak har forklart at han trekte seg som finansminister fordi han ikkje hadde tillit til Boris Johnson.

Rishi Sunak

Sunak blir rekna for å plassere seg i sentrum i Det konservative partiet. Som finansminister blei han populær for økonomiske hjelpetiltak under pandemien, men han blei òg bøtelagt i «partygate».

Sunak er ein av Storbritannias rikaste personar, og har blitt kritisert for å ikkje forstå vanlege folk sin situasjon. Han og kona er på plass nummer 222 over dei rikaste i Storbritannia, og har ein formue på rundt 8 milliardar kroner. Kona har blitt kritisert for å ikkje betale skatt til Storbritannia.

Rishi Sunak har indiske røter. Om han blir valt til leiar av det konservative partiet, vil han vere den første ikkje-kvite statsministeren i Storbritannia si historie.

Liz Truss

Liz Truss er i dag utanriksminister, noko ho har vore sidan 15. september i fjor. Før Truss blei utanriksminister, har ho hatt andre statsrådspostar under både David Cameron, Theresa May og Boris Johnson. Ho har mellom anna vore justisminister og handelsminister.

Truss låg i starten dårleg an på målingane, men klatra til andreplass i den siste avstemmingsrunden, som var 20. juli, og blei difor Sunak sin motkandidat.

Ho er kjent for å vere effektiv, og har mellom anna innført strenge sanksjonar mot Russland.

Om Truss vinn, vil ho vere Storbritannia sin tredje kvinnelege statsminister.

Morofakta: Truss profilerer seg som etterfølgjar av Margaret Thatcher. Som sjuåring spelte ho Thatcher i skulens liksomval.

Kva saker har dominert prosessen?

Ifølgje den norske nettstaden Britiskpolitikk.no har partileiarkampen vore uvanleg hard og til tider ganske stygg.

– Eg trur ikkje vi har sett ein slik retorikk frå kandidatane sidan Margaret Thatcher og Edward Heath tilbake på 70-talet. Det har vore veldig splittande. Eg må seie eg har blitt overraska over temperaturen i nokre av debattane, seier Erik Mustad, redaktør for britiskpolitikk.no og podkasten Pod Britannia.

Rekordhøge energiprisar og inflasjon har prega leiarkampen. Dei auka levekostnadane har vore eit viktig tema.

Då Sunak var finansminister, auka han skattenivået. Det har ikkje berre vore populært i eige parti. Han har òg blitt kritisert av opposisjonen for å ikkje hjelpe dei som no ikkje klarar å betale rekningane sine. Sunak seier målet er å senke skattenivået over tid, men at det ikkje er riktig tidspunkt no.

Truss lovar på si side lågare skattar, og meiner at tapet i inntekter heller skal blir dekt ved å betale Storbritannia si gjeld over lenger tid. Ho ønskjer å reversere skatteauken Sunak som finansminister har innført for verksemder.

Klima har fått lite merksemd i valkampen, og begge leiarkandidatane har blitt kritisert for å ikkje adressere krisa.

Både Rishi Sunak og Liz Truss har stilt seg bak netto nullutslepp innan 2050. Sunak har uttalt at han vil gjere Storbritannia sjølvforsynt med energi innan 2045 og at vindenergi vil vere viktig. Som finansminister blei han skulda for å blokkere grøn politikk som førte til auka utgifter, ifølgje BBC.

Truss har på si side antyda at noko av det første ho vil gjere er å mellombels skrote den «grøne avgifta» som bidreg til å finansiere ei rekkje miljøtiltak, då hovudfokuset hennar er levekostnadar og skattekutt.

Kven ligg an til å vinne?

Sunak var tidlegare i kampen ein klar favoritt til å ta over i Downing Street, ifølgje Sky News. Han vann klart dei første avstemmingsrundane, medan Truss sleit mot mindre kjende kandidatar.

No har det derimot snudd, og dei siste meiningsmålingane syner at Truss ligg an til å stikke av med sigeren.

I ei måling publisert i The Observer i midten av august leiar Truss med 22 prosentpoeng over Sunak. Målinga er utført blant 570 partimedlemmar.

Også ei YouGov-måling for Sky News syner at Johnson klart ville ha vunne om han stilte, og at Truss leiar klart over Sunak når det berre står mellom dei to. Målinga var publisert 18. august.


Frå venstre: Vänsterpartiet, Socialdemokraterna, Miljöpartiet De Gröna, Centerpartiet, Moderaterna, KristdemokraternaLiberalisterna og Sverigedemokraterna er dei svenske partia som no sit i Riksdagen. Foto: Sjå bileta i saka.