Statsforvaltaren vil ikkje gripe inn i «bønnemøte-saka»

Statsforvaltaren i Vestland seier dei kan rettleie på generelt grunnlag, men vil ikkje ta stilling til saka der elevar ved Sagatun skule i Balestrand ikkje fått ha kristne samankomstar i matfriminuttet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sogndal kommune har samstundes opna for at dei kan ha gjort feil då dei nekta elevane å møtast til andakt og kristent fellesskap i skuletida, melder Sogn Avis.

Rektor ved skulen grunngir forbodet med at skulen skal vere ein livssynsnøytral arena. Kommunedirektør Tor Einar Holvik Skinlo argumenterer for vedtaket med at slike møte kan oppfattast som både støytande og krenkjande for dei som høyrer til andre trussamfunn.

Har skapt sterke reaksjonar

Vedtaket har vekt sterkt reaksjonar blant både foreldre og politikarar i kommunen. Også Biskop Harald Nordhaug i Bjørgvin bispedøme meiner vedtaket er skadeleg.

– Denne praksisen bidreg til å setta ei haldning der tru og livssyn blir rekna som potensielt skadeleg for unge menneske, fordi dei tenker og trur ulikt. Han fremjar ikkje eit samfunn der me kan leva saman i openheit og toleranse, seier han til NRK Vestland.