Kvardagsrasisme finst også i akademia

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Mona Abdel-Fadil meiner akademia må bli eit eige satsingspunkt i strategien.

Mona Abdel-Fadil er forskar hjå HL-senteret. Foto: HL-senteret

– Det er både overraskande og samtidig ikkje så spesielt at kvardagsrasismen artar seg ganske likt om du er i akademia eller andre stader i arbeidslivet, seier Mona Abdel-Fadil, forskar ved HL-senteret, i ei pressemelding.

– Eg meiner at universitets- og høgskulesektoren bør bli eit eige satsingspunkt i den nye handlingsplanen til regjeringa for rasisme og diskriminering. Vi må erkjenne at denne sektoren er symbolsk, i den grad at han set premissane for vegen vidare inn i arbeidslivet, i mykje større grad enn andre sektorar, seier Abdel-Fadil.

«Her har vi ikkje noko problem med rasisme»

Førre handlingsplan omtalte arbeidslivet generelt. Abdel-Fadil meiner at universitets-, høgskule- og instituttsektoren (UHI-sektoren) skil seg frå andre sektorar:

– Det som skil denne sektoren frå andre er ei sjølvforståing om at «her har vi ikkje noko problem med rasisme og diskriminering fordi vi er så reflekterte, høgt utdanna og har ein plan for likestillingsarbeidet», sett på spissen.

Ei slik sjølvforståing er vanskeleg å bryte ned sidan det i praksis er vanskeleg å bevise at det faktisk ikkje er sånn, meiner Abdel-Fadil.


Les også meiningsinnlegget: – Mengda melanin i huda mi har vore viktig for identiteten min fordi den har vore viktig for omgivnadene mine

Lisa Esohel Knudsen gav tidlegare i år ut boka «Det er personlig – om rasisme og ytringsfrihet». Foto: Linda Bournane Engelberth