– Mengda melanin i huda mi har vore viktig for identiteten min fordi den har vore viktig for omgivnadene mine, skriv Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen.
Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen

Denne teksten stod først publisert i Syn og Segn og er gjengjeven med løyve. 

Eg hugsar fyrste gongen eg lurte på kven eg er, eller kva eg er. Eg må ha vore kring åtte år gamal. Er eg svart eller kvit? Eg googla som om sjølve livet stod på spel. På ein måte hadde eg rett i den kjensla. Eg var åtte år gamal, men allereie medviten om at hudfargen min kom til å vere ein viktig del av livet mitt.

Det eg fann på internettet, var omgrep som mixed, mulatto, one drop rule og biracial. Eg var desperat etter å definere meg sjølv på ein måte som gav meining for verda rundt. Eg kunne ikkje vere kvit som mamma og dei fleste eg kjende og møtte på. Og det sleit eg med å akseptere.

Eg var åtte år gamal, men allereie medviten om at hudfargen min kom til å vere ein viktig del av livet mitt.

Så eg prøvde hardt å ta avstand frå dei afrikanske røtene mine.

Eg har skrive mange tekstar om å ynskje at eg var fødd kvit. Det er noko som har prega meg og identiteten min. Å bli behandla dårleg på bakgrunn av kven du er, vil sjølvsagt setje spor. Men dette er ikkje ein slik tekst, og difor er det òg ein litt vanskeleg tekst å skrive. For meg er det ei øvingssak: det å skrive ein tekst om å ikkje vilje vere kvit eller noko anna enn det ein er. Om å akseptere og setje pris på den ein er.

Kjensla som kjem når eg no skriv dette, er ein trong til å forklare at dette ikkje handlar om å vere betre enn nokon. Eg synest eigentleg det bør seie seg sjølv, men i debattane kring identitet og aktivisme finst det ein del misforståingar. Det handlar ikkje om å gjere hudfarge viktig, men å anerkjenne at det framleis er viktig. Mengda melanin i huda mi har vore viktig for identiteten min fordi den har vore viktig for omgivnadene mine.

For samfunnet har hudfargen sagt noko om kven eg er, og korleis eg er. Han har signalisert ulike ting til ulike folk. Og slik har det vore heile livet mitt. Dei siste åra har det difor vore viktig for meg å ta tilbake definisjonsmakta. Å ikkje la meg styre av korleis andre ser meg, men heller korleis eg ser meg.

Eg har alltid vore veldig begeistra for historiefaget. Det er også noko djupt personleg ved det. Alle menneske har behov for å vite noko om kor dei kjem ifrå, kva som hende før, og få ei forståing for kvifor ting er som dei er. Historia kan gi oss nokre svar.

Afrika som hovudperson

Fyrste gong eg lærte om afrikansk historie før 1870-talet og det som blir kalla «The Scramble for Africa», var eg 17 år gamal. Det var då eg flytta frå Bergen for å gå på Waterford Kamhlaba United World College i Eswatini.

På den tida, for sju år sidan, heitte landet Swaziland. I 2018, 50 år etter frigjeringa frå britane, valde kongen (som har suveren makt) å byte namn til Eswatini, som tyder «swasiane sitt land». Hadde eg ikkje vore elev ved skulen i Eswatini, hadde eg nok ikkje lært om afrikansk historie.

Eswatini er omslutta av Sør-Afrika, og grensar til Mosambik i aust. Foto: Klim Levene/CC BY 2.0

Før dette hadde kontinentet med nesten 1,4 milliardar innbyggarar så vidt vore nemnt i historietimane, og berre i konteksten kolonialisme. Afrika var berre til stades som eit element i europeisk historie. Men no var det endeleg annleis – no var Afrika hovudperson.

Eg lærte om Benin-imperiet som varte i nesten 1000 år, og om hovudstaden Edo, som no heiter Benin City – byen far min er ifrå.

Slik illustrerte ein europeisk kunstnad Shaka Zulu i 1824.Foto: James King/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Eg lærte om det mektige zulukongedømmet sør i Afrika som varte fram til kampane mot britane og boarane. Grunnleggaren av imperiet, Shaka Zulu, var ein meister i militærstrategi og samfunnsbygging.

Det er vanskeleg å knyte eit positivt band til Afrika og den afrikanske identiteten når historia om Afrika så ofte handlar om korleis kontinentet blei utnytta. Eller vi har fått høyre at det å bli kolonisert har vore synonymt med å bli sivilisert.

Men Afrika var aldri usivilisert og passivt. Det viser historia. Difor var det så viktig for meg å lære om kontinentet eg har røtene mine ifrå, på same måte som eg hadde lært om norsk, europeisk og amerikansk historie.

«I am black, but I am black and beautiful»

Ein eg derimot lærte om i norsk skule, var Martin Luther King jr. (MLK) og den berømte talen «I Have a Dream». Eg trur mange tolka talen som eit ynske om ei fargeblind verd. Eg trur mange likte han på grunn av dette. Og så trur eg at det hjelpte at King var imot vald. Han vart ikkje så aggressiv som Malcolm X, til dømes.

Det var ikkje før mange år seinare at eg begynte å lese andre talar av MLK og forstå meir av kva han meinte, og kva han kjempa for. I ein tale han heldt i Cleveland i 1967, prata King om kor viktig det er å ta sitt eige menneskeverd på alvor. Å sjå seg sjølv som ein person som tel, og å ikkje skamme seg over kven ein er. Han meinte at kvar svarte person i landet måtte reise seg og seie at «I am black, but I am black and beautiful».

Det er fleire svarte tenkjarar som har ytra den same ideen – at rasismens kraft er det at han etter kvart vil føre til at den undertrykte held seg sjølv undertrykt. På denne måten kan rasismen fortsette å halde folk nede. Difor er denne talen så utruleg kraftfylt, for han seier noko om korleis ein må gå fram for å kjempe mot rasismen. Eller sagt annleis – for svarte menneske seier han noko om korleis ein skal kjempe for seg sjølv.

Fordi ein har blitt behandla dårleg og blitt undertrykt som gruppe, gir det meining å stå imot denne undertrykkinga som gruppe. Det er dette eg tenkjer på som identitetspolitikk. Svarte menneske over heile verda har ei lang historie når det gjeld det å kjempe mot undertrykking. Men denne delen av historia meiner eg er underkommunisert. Eg tenkjer på alle dei som har kjempa seg ut av fangenskap og vald.

Kampen for respekt og anerkjenning

Kor var Sojourner Truth, Frederick Douglass og Harriet Tubman i historietimane mine? Dei var menneske som var fødde ufrie, men som brukte livet sitt på å arbeide for at ingen andre igjen skulle bli fråtatt menneskeverdet sitt. Dei leia opprør mot slaveeigarar og hjelpte tusenvis å flykte til statar i nord. Dei skreiv og heldt talar om kva dei hadde vore utsett for.

Eg tenkjer òg på alle dei ukjende heltane som døydde medan dei kjempa, og som vi aldri fekk høyre frå. Så tenkjer eg på deira barn, som kjempa for å bli anerkjent som menneske, og barna deira igjen, som kjempa andre kampar, og så vidare.

Eg er takksam for forfattarar som James Baldwin, Frantz Fanon og Audre Lorde som skildra svart identitet og kva rolle han spelte i rasistiske samfunn. Eg gremmar meg ved tanken på at The Wretched of the Earth ikkje er obligatorisk lesing i norsk høgare utdanning.

Historia er full av namn på svarte menneske som kjempa for seg sjølv – men også for meg. I dag er det nye kampar og nye namn. Men kampane handlar i botn og grunn om det same. Det handlar om respekt og anerkjenning.

Eg er svart, og det er vakkert.

Det er det same som har motivert meg i mi identitetsreise. Ho har i stor grad blitt forma av negative opplevingar med å vere svart. For å bygge sjølvrespekt har det difor vore avgjerande for meg å sjå den svarte identiteten i eit positivt lys, som ei lang historie med kamp for rettferd.

Eg er norsk-afrikanar, svart og afrikansk-europear. Eg er svart, og det er vakkert. Sjølv om ikkje alle kan setje pris på det, så gjer eg det.

Kjensla av å vere altfor synleg på ein negativ måte, og usynleg der ein gjerne vil vere synleg, den kjensla har eg sjeldan lenger. Eg fryktar ikkje lenger at sola skal gjere meg mørkare om sommaren. Eg skal ikkje seie at alt er bra, og at eg ikkje kjenner på usikkerheit somme gonger, men det er ikkje lenger noko som får styre meg.


I samband med Black History Month Norway har me sett saman ei liste med norsk, svart historie du kanskje ikkje har fått med deg. Foto: Måleri/Eidsvollminnet, Wikimedia/Klaus Forbregd / NTNU, Gorm Kallestad / NTB .

LES OGSÅ

ANNONSE