Unge Sentrum: «Regjeringa sitt statsbudsjett sviktar både menneske og dyr»

Simen Bondevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Førre veke kom Regjeringa sitt forslag til nytt statsbudsjett, og det er mange som er skuffa. Det er vi i Unge Sentrum også. Regjeringa sitt statsbudsjett sviktar både menneske og dyr.

For det første understrekar statsbudsjettet det vi lenge har sett tendensane til: Regjeringa Støre er ein klimakatastrofe. Dei halverer støtta til skogvernet, avviklar viktige klimastøtteordningar, leverer ekstremt passivt på vindkraft til havs og kjem eigentleg ikkje med ein einaste offensiv eller ny klimasatsing.

Regjeringa kuttar også massivt i bistandsprosenten. Over lang tid har det vore semje i Noreg om at vi skal gje 1 prosent av BNI til bistand til verdas fattigaste. No reduserer Regjeringa dette til 0,75 prosent. Det er utruleg skuffande – verdas fattige kan ikkje få mindre fordi Noreg tener meir. Regjeringa vil også ta imot færre kvoteflyktningar.

I statsbudsjettet er det heller ikkje noko løft for kronisk sjuke og funksjonshemma. Igjen stiller denne gruppa bakarst i politikarane sin prioriteringskø. Regjeringa kuttar i dagpengar til arbeidslause, aukar prisen på medisinar på blå resept, gjer det dyrare å gå til legen og aukar eigendelstaket for frikort. Men dei gir ikkje ei einaste krone til til dømes universell utforming av skulane våre. Potten for aktivitetshjelpemiddel er heller ikkje auka.

Studentpolitikken er også veldig dårleg. Studentane si kjøpekraft vert ikkje styrka, dei halverer mål om nye studentbustadar og gjer det dyrare både for internasjonale studentar som vil studere i Noreg og norske studentar som vil studere i utlandet.

Det er også mange skuffande kutt til viktige organisasjonar i budsjettet: Regjeringa fjernar til dømes all støtta til dyrevernorganisasjon NOAH, og organisasjonen Salam som jobbar for skeive muslimar er også tekne av statsbudsjettet.

I tillegg fjernar Regjeringa all støtte til organisasjonar som jobbar for kjernefysisk nedrusting, altså mot atomvåpen. Det er ganske spesielt med tanke på den trussel-situasjonen vi står midt inne i no.

Unge Sentrum synest dette er eit skikkeleg skuffande statsbudsjett. Likevel er det enkelte ting som er bra. Regjeringa fortener skryt for ein sterkare omfordelingsprofil på skattesystemet vårt og dei har fått på plass eit ordentleg løft for Distrikts-Noreg.

Trass i distriktssatsing og omfordelande skatteprofil: Dette er langt frå bra nok. Eg skulle ønskje Partiet Sentrum var på Stortinget slik at vi kunne løfta mellom anna desse sakene høgare på dagsorden. Her er det ekstremt mykje å ta tak i, SV får ha masse lykke til med forhandlingane!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Rebecca Jeanette Sivertsen Lie (22) skriv om opplevingane sine med vidaregåande. Foto: Privat