Identitet

«Me er nøydde til å gå aktivt ut i kampen for skeive barn og unge»

Barn og unge må få lov til å vera den dei er, også på skulen, hos legen og under fritidsaktivitetane, skriv representantar for fleire barne- og ungdomsorganisasjonar.


Leiar av KFUK-KFUM Globals politiske utval for kjønnsrettferd Renate Hamm, Anastasiia Myrvoll i KFUK-KFUM Global, påtroppande 1. nestleiar i Skeiv Ungdom Frankie Rød, leiar i SNU Christiane Teigstad.
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribentane sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Skeive barn og unge finst, har alltid eksistert og kjem alltid til å gjera det.

Skeive barn og unge finst i alle klasserom, i alle idrettslag, i alle organisasjonar, trus- og livssynssamfunn, og fritidsklubbar.

Same kor mange regnbogeflagg som blir rivne ned, kva toalett dei får lov til eller kjenner seg velkomne til å bruka på skulen, eller kva innhald dei blir eksponerte for på sosiale medium, så finst dei.

Den einaste forskjellen er berre om dei kjenner seg trygge i identiteten sin, eller om dei kjenner seg annleis, ekskludert og hata.

Det er på tide at me som jobbar for og med barn og unge, tek eit klart standpunkt. Me stiller opp for dei, same kven dei er eller kven dei elskar.

Det er ikkje radikalt å vera ung og skeiv.

Omsorg må også vera mot

Det kjennest som ein evigvarande kamp å skulla stå i denne diskusjonen.

Det er utmattande å stadig måtta bli sint, trist og oppgitt over den kraftige motkrafta som barna våre møter. For oss som jobbar for og med barn og unge, er det vår plikt å kjempa for og verna dei, uansett identitet og seksualitet.

Å ha ansvar for barn betyr også å kjempa for dei. Unge skeive, og særleg unge transpersonars, rettar har vorte eit stadig meir betent tema, og stemmene frå begge sider roper berre høgare og høgare for å overdøyva kvarandre.

Forskjellen er at medan den eine sida roper om å bli høyrd og akseptert, og i stor grad berre få lov til å leva og vera i fred, roper den andre sida om hat og ekskludering. Det er på tide at denne sida møter høge og tydelege motstemmer frå oss som jobbar med barn og unge, både på skulen og på fritida.

Hatet finst fordi systemet tillèt det

Utviklinga ein har sett i «pridedebatten» dei siste åra kjem ikkje berre av ei ny høgrebølgje. Heller ikkje av konservativ og hatefull leiing i andre land. Det kjem av djuptliggjande og strukturelle svakheiter i samfunnet, som kallar homo- og transfobi mot barn som lettbeint erting, og som lèt det vera ein debatt rundt om skular skal kunna flagga med regnbogen i juni.

Skulen skal ikkje vera ein plass der det er rom for at identiteten til barna blir eit lettbeint diskusjonstema i samfunnsfagtimen. Helsestasjonen, legekontoret eller helsesjukepleiaren skal ikkje vera ein stad der dei ikkje møter ein fagperson med kompetanse – eller vilje – til å hjelpa.

Barn tek ikkje skade av fridom

At barn får lov og rom til å utforska sin eigen identitet innanfor trygge rammer, er alltid positivt. Dette gjeld sjølv om det dei skal finna ut av er kva dei vil bli når dei blir store, om dei speler handball eller dansar ballett, eller kven dei er på innsida og kven dei éin dag kjem til å elska.

Ingen tek skade av at barn og unge får utfalda seg innanfor trygge rammer, med støtte frå trygge og kunnskapsrike tillitspersonar.

Då må me som jobbar med og for unge, sørgja for plassar som har slike rammer. Me må verna dei mest utsette av medlemmane våre, elevar og spelarar. Me er nøydde til å gå aktivt ut i kampen for skeive barn og unge, og vera ein høge, tydeleg stemma for tryggleiken deira, identitet og utvikling.

Barn og unge må få lov til å vera den dei er, også på skulen, hos legen og under fritidsaktivitetane. Det er på høg tid at me som jobbar for og med dei, hevar våre eigne stemmer mot hat og ekskludering.

Det er ikkje radikalt å vera ung og skeiv.

Skrive under av:

KFUK-KFUM Global
Skeiv Ungdom
Seksualpolitisk Nettverk Ungdom – SNU
Natur og Ungdom
Salam Noreg
Norges speiderforbund
Unge funksjonshemmede
Voksne for barn
Changemaker
KFUK-KFUM-speidarane
Press – Redd Barna Ungdom
Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens – PKI
Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold