Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei som kjøper Bitcoin kan bli rike.

Kim Kardashian må betale bot for å ha reklamert for Ethereum på Instagram.

Dogecoin skyt i vêret etter Twitter-melding frå Elon Musk.

Det er nokre av få nyheitshistorier dei siste åra om forskjellig kryptovaluta. Men kva er eigentleg kryptovaluta? Og korleis fungerer heile greia?

Kva er kryptovaluta?

Kryptovaluta er i teorien ein type digitale pengar. Det finst altså ingen krypto-kontantar. Det er pengar som berre eksisterer på internett. I motsetning til kronene du har på ein konto og betalar med kort, er ikkje kryptovaluta kopla opp mot nokon nasjonal bank eller marknad.

Det skal difor fungere som ein slags desentralisert valuta.

«Pengane» eksisterer med andre ord utanfor kontrollen til ein stat.

Du kan kjøpe desse pengane på to forskjellige måter. Enten kan du bruke nettsider som CoinDCX, Zebpay and UnoCoinDesse, som fungerer som ein kryptobørs.

Kva sider du veljer kjem an på kva du vil kjøpe. Det finst ei side, uansett valuta. Du kan kjøpe store kryptovaluta som Ether og Bitcoin, som kostar mykje, eller mindre valuta som Binance coin og Dogecoin.

Eller så kan du gå gjennom ein meglar som handterer kjøp og salg for deg. Då slepp du å vurdere slike ting sjølv, men mistar litt kontrollen over det du investerer.

Kva slags teknologi gjer det mogleg?

Blokkjede

Ein transaksjon med kryptovaluta består av forskjellige blokkar. For kvar transaksjon blir det laga ei ny blokk som registrerer det som skjer. Berre ei blokk kan byggjast vidare på, så det går ikkje an å betale med kryptovaluta to gonger. Frå «foreldreblokka» (i blått) blir det difor ei rett linje med blokker, og avgreiningane (i grønt) er ikkje gyldige. Illustrasjon: Harald Øverby, CC BY SA 3.0 via SNL.

Når digitale pengar ikkje er kopla mot nokon institusjon, er det vanskeleg å sikre dei mot tjuveri og svindel. For å løyse det, blir det brukt ein teknologi som blir kalla blockchain, eller blokkjede.

På ein fysisk hundrelapp kan ein sjå etter kjenneteikn som ei kopimaskin ikkje kan få med seg, for å sjekke at lappen er ekte.

Når du tappar eit bankkort, er det eit system i banken for å sjekke at du brukar pengar som du faktisk har på kontoen din, og ikkje falske eller kopierte pengar.

Sidan dette ikkje eksisterer med kryptovaluta, er det her blokkjeda kjem inn.

Teknologien fungerer som ei slags rekneskapsbok, der ein kan registrere, spore og synleggjere alle betalingar som skjer digitalt. Rekneskapsboka er spreidd mellom dei som brukar kryptovalutaen, og er ikkje lagra på ein plass.

Teoriane rundt korleis det fungerer vart utvikla på 80- og 90-talet. Likevel var det ikkje før i 2008 at teknologien vart realisert med den første kryptovalutaen Bitcoin.

Sidan då har det kome masse forskjellige kryptovaluta, som etherium, og dogecoin. Dei fungerer på litt forskjellig måte, men alle brukar blokkjedeteknologi.

Kvifor eksisterer kryptovaluta?

Det er fleire grunnar til at folk har lyst på eit digitalt og desentralisert pengesystem.

Nokre stoler ikkje på landet dei bur i, og kryptovaluta gjer det enklare å unngå statleg kontroll.

Verdien av spesifikke valutaer er også avhengige av den marknaden han er knytt til. Ei norsk krone vil svinge opp og ned i verdi, avhengig av korleis det går med den norske økonomien. I teorien unngår ein dette problemet med kryptovaluta.

Kryptovaluta er attraktivt for folk som er veldig opptekne av privatliv, og som vil vere uavhengig frå resten av samfunnet dei eksisterer i.

Men korleis kan ein slik valuta eksistere?

Korleis funkar det i praksis?

Kva folk vil at kryptovaluta skal vere, og kva det faktisk blir brukt som, er to forskjellige ting.

Kryptovaluta er ikkje kopla direkte til nokon marknad, eller fysiske verdiar, slik alle andre valutaer i verda. Difor blir det feil å kalle det ein valuta.

Det er ingenting som garanterer verdien til kryptovaluta på same måte som norske kroner. Ein kryptovaluta er verd noko fordi folk vil å kjøpe han. Når folk ikkje er interessert lenger, har han ingen verdi. 

Dei største og mest stabile kan svinge mykje:

  • Ein bitcoin var på det meste verdt 68 000 dollar. No ligg han på rundt 20 000 dollar.
  • Ether kryptovalutaen innan Ethereum var på det meste verdt over 4400 dollar. No er det nede på rundt 1300 dollar.

Dei mindre svingar også:

  • Ein Binance coin var på det meste verdt nesten 680 dollar. No ligg han på rundt 270 dollar.
  • Ein dogecoin var på det meste verdt like under 70 amerikanske cent. No er det verdt under 6 cent, altså knapt ein tidel.

Likevel er det stader der det er mogleg å kjøpe faktiske ting med desse «pengane».

Bitcoin og amerikanske dollar er einaste gyldige valuta i El Salvador. Dollaren erstatta den gamle Valutaen colon i 2001 etter økonomisk krise. Presidenten håpa at innføringa av bitcoin i 2021 skulle bli lønnsamt for landet. Foto: engin akyurt on Unsplash

I El Salvador vart Bitcoin i fjor innført som eit godkjent betalingsmiddel, likestilt med amerikanske dollar.

Regjeringa der har tapt om lag 600 millionar på kjøp av bitcoin.

Dei fleste kryptovaluta svingar nemleg så mykje i verdi, at det er vanskeleg å bruke det som pengar.

Kva er kritikken av kryptovaluta?

Sjølv om kryptovaluta ikkje er særleg nyttig som pengar, er det likevel folk som tenar på å investere i det. Samstundes er det mange som er skeptiske til kryptovaluta av forskjellige grunnar:


DETALJERT: Vedum og Støre må bli einige om sin versjon av statsbudsjettet før dei kan forhandle med andre parti. Foto