EU går inn for «universalladar» – også for iPhone

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du ein av dei som har irritert deg over at iPhone har ein eigen inngang, og ikkje kan bruke same ladar som resten av dei elektroniske dingsane dine? Må du stadig kjøpe nye ladarar fordi du ikkje kan bruke ein av dei mange andre du har heime?

I løpet av 2024 blir det ei endring på dette. Eit stort fleirtal i Europaparlamentet røysta tysdag 4. oktober for eit nytt direktiv for lading.

Det skriv mellom anna Tek.no og franske Le Monde.

Store endringar for Apple

Innan utgangen av 2024 må alle smarttelefonar, nettbrett, berbare konsollar, kamera, Bluetooth-høgtalarar og oppladbare hovudtelefonar selde i EU ha USB-C-ladekontakt.

Frå 2026 skal det òg gjelde berbare PC-ar. Enn så lenge er ikkje smartklokker omfatta av reglane, på grunn av at dei er så kompakte.

Denne universalladaren er allereie svært utbreidd, og kan til dømes brukast for alle android-mobilar.

Slik ser inngangen og kontakten til USB-C ut. Løysinga er allereie i bruk på android-mobilar. Illustrasjonsfoto: Colourbox

iPhone har derimot ein eigen inngang, ein såkalla Lightning-kontakt. Apple har tidlegare vore svært kritiske til det føreslåtte EU-reglementet, som dei meiner stoggar innovasjon og kan føre til forsøpling.

Tek.no skriv at Apple truleg kjem til å endre lademåten for alle einingane sine, også utanfor den europeiske marknaden.

Iphone har ein eigen Lightning-kontakt. Foto: James Lewis / Unsplash

Reduserer e-avfall

Med dei nye reglane vil EU gjere lading enklare for folk, men òg redusere elektronisk avfall og sørgje for at ladarar har lengre levetid.

Visste du at ein gjennomsnittleg forbrukar ifølgje EU-kommisjonen har tre mobilladarar og brukar to av dei? Dei reknar at endringane kan spare forbrukarane 250 millionar euro, som svarar til om lag 2,5 milliardar kroner.

I juni i år vart det klart at det var semje i EU om å gå inn for universalladaren, som Europaparlamentet no har stemt for. Rådet skal vidare godkjenne og skrive under teksten i direktivet, og så er ein prosess som starta tilbake i 2009 over.