Færre klamydiatilfelle i koronaåret 2021

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nedgangen kan truleg knytast til koronatiltaka, seier overlege Anne Olaug Olsen ved FHI.

I fjor vart det meldt 23.447 tilfelle av klamydiainfeksjonar i Noreg. Året før var det registrert to tusen fleire tilfelle, viser FHIs årsrapport for seksuelt overførbare infeksjonar. I alt 390.692 testar vart utførte i 2021, som er på nivå med før pandemien.

Flest kvinner testar seg

Fleirtalet av dei melde tilfella var kvinner (58 prosent). Dette kan henge saman med at det er flest kvinner som testar seg.

– Det er viktig at prøvetaking av klamydia blir retta mot grupper som har risiko for å få ein infeksjon, først og fremst seksuelt aktive kvinner og menn under 25 år, seier Olsen.

Talet på melde tilfelle har gått ned i dei fleste fylke, med unntak av Agder der det var ein liten oppgang.


Er du ein sexpert, eller har du fått undervisning av læraren under? Test deg sjølv i vår quiz!