Pilotprosjekt: Anonymt nettkurs for ungdom med negative tankar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettkurset er eit pilotprosjekt. Frå før har det vore kurs i Tankevirus for vaksne og studentar, men dette kurset er skreddarsydd for ungdom i vidaregåande skulealder, skriv Vestland fylkeskommune.

– Det er mange fleire unge som slit med psykiske plagar og søvnvanskar no enn for berre ti år sidan, det ser vi frå tal i Ungdata-undersøkinga og folkehelseundersøkinga, seier Karoline Heggøy, friskliv- og folkehelsekoordinator i Bergen kommune.

Betre rusta til å møte motgang

Målet med kurset er å lære å handtere det livet har å by på, så ein blir betre rusta til å møte motgang. Det handlar om å normalisere det å ha negative tankar. Å forstå at negative tankar ikkje er farlege, og å lære nokre triks til å handtere dei.

Kursa er videobaserte, og går over tre måndagar, på 1,5 timar kvar gong. Ein kan delta anonymt, og utan kamera for deltakar.

  • Les også: Uroa for at psykologar forlèt det offentlege – Fagfolka er den aller viktigaste ressursen for å gi god hjelp til personar med psykiske lidingar, og derfor vil personell og kompetanse vere eit viktig tema i planen