Uroa for at psykologar forlèt det offentlege

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange eg har snakka med opplever at dei ikkje klarte tempoet og at det blei for tøft for dei, men det framstår meir og meir som eit tydeleg systemproblem.

Psykolog Helén Ingrid Andreassen har tidlegare arbeidd på distriktspsykiatrisk senter (DPS), men valde seg bort og vil ikkje tilbake.

Norsk Psykologforeining har tidlegare uttrykt uro over at mange psykologar forlèt det offentlege eller går rett til det private når dei er ferdig utdanna. Dei siste ti åra har det ifølgje Psykologforeninga blitt meir enn dobbelt så mange psykologar tilsette i private selskap, og talet på heilprivate psykologar har auka.

– Det har psykologar rett til og det er ikkje gale i seg sjølv, men når det handlar om at ein ikkje finn gode nok arbeidsforhold i det offentlege, er det skummelt.

Ikkje nok tid til pasientane

Helén Ingrid Andreassen fortel at det er mange nyutdanna som byrjar å arbeide på DPS på grunn av det høge faglege nivået der. Det er ein del av spesialisthelsetenesta, der ein kjem fort i gang med spesialisering.

– Det er ein naturleg start for mange, og sånn var det for meg også.

Psykologen fortel om fine kollegaar og godt fagleg utbytte på jobb, men det var veldig tydeleg frå første stund at det er svært høgt tempo.

– Det er høgt tempo til produksjon, om ein kan seie det. Kor mange pasientar du skal ha, kor ofte du skal møte dei, høge krav til dokumentasjon og papirarbeid.

Ho opplevde at ein blei målt på systemnivå, tid og tal på vurderingar og skjema fylte ut, i staden for fokus på pasienten.

– Det er lett å stresse rundt skjema og dokumentasjonskrav. Mi erfaring er at det kan bli litt for lett at fokus på pasienten si betring hamnar bak det.

Det er ein situasjon som kan slite veldig på mange, ifølgje psykologen.

– Det vi er opptatt av er at folk skal få det betre. Når ein føler ein ikkje får nok tid til det, er det typisk noko som kan føre til at ein vert utbrent.

Psykolog Helén Ingrid Andreassen. Foto: Norsk psykologforening

Høgt arbeidspress

Andreassen er med i Yngre psykologers utvalg i Psykologforeningen. Dei representerer ikkje-spesialistar. Ein må jobbe minst fem år for å bli psykologspesialist. Mange unge eller nyutdanna psykologar er difor ikkje-spesialistar.

Ein rapport frå Helse Vest syner at psykologar er blant yrkesgruppene som oftast sluttar ved helseføretaka på Vestlandet, og at det er dei yngste som i størst grad forlèt stillingane.

Undersøkingar Psykologforeningen har utført viser at mange psykologar opplever høgt arbeidspress og å ikkje ha nok tid til pasientar. Éin av tre psykologar i spesialisthelsetenesta seier at dei ofte ikkje får møtt pasientane nok til å gi god behandling, viser Psykologforeningens medlemsundersøking i 2021. 

Ifølgje visepresident Rune Frøyland tek mange medlemmar kontakt med foreininga og fortel om arbeidsforhold som fører til uhelse.

– Dei har for mykje å gjere, og lokale leiarar klarar ikkje å gi nok støtte. Altfor mykje ansvar og manglande hjelp og tid til å løyse oppgåvene er oppskrifta på å bli utbrent og oppgitt, seier han på Psykologforeningen sine nettsider.

– Eg kan seie at eg kjenner meg igjen personleg, men også i kraft av vervet eg har og tilbakemeldingane vi får, fortel Helén Ingrid Andreassen.

Viktig rolle

Sidan 2014 har det vore eit mål for styresmaktene at psykisk helsevern og rusbehandling skal prioriterast over somatiske helsetenester. I 2020 kritiserte Riksrevisjonen helsedepartementet for å ikkje ha sett inn fleire verkemiddel for å nå målet.

Ein gjennomgang av VG i 2021 synte at tre av fire offentlege psykologar i Helse Sør-Øst, Helse Nord og Helse Midt-Norge hadde ventetid på seks månader eller meir.

– Er du bekymra for arbeidssituasjonen som ventar nyutdanna psykologar?

– Både og! I spesialisthelsetenesta er eg litt bekymra – det handlar både om arbeidsmiljø og pasientar, men også dei som jobbar der skal vere varetatt. Særleg nyutdanna er utsette for utbrentheit, svarar Andreassen, og legg til:

– Men det er mange stadar ein kan jobbe og det er ikkje alle spesialisttenester det er sånn, men det vi ser nokre stadar er urovekkande. Men det er også plassar det fungerer bra, og det er ikkje berre på DPS ein kan jobbe, stadig fleire byrjar i kommunane, barnevernet, etc.

Må takast tak i politisk

Ho trekker vidare fram at det er viktig at psykologar får breiddekompetanse, noko ein får i det offentlege.

Helén Ingrid Andreassen vil ikkje åtvare nokon mot å bli psykolog, og understrekar at det er ein meiningsfull jobb og fine arbeidsplassar. Ho vil heller ikkje at folk skal bli redde for å søkje hjelp.

– Men når vi høyrer om høgare tempo og fleire som blir slitne, så er det viktig å legge press på politikarane.

– Det handlar om kapasitet tenker eg. Ein treng fleire behandlarar og spesialistar, og meir tid til å møte pasientar ofte nok og gi dei god nok behaldning.

Andreassen er medlem av Ap, men har ingen aktive verv. Ho uttalar seg som psykolog i saka.

Ventetid på 63 dagar

– Det er aldri positivt at kvalifisert personell forlèt det offentlege helsevesenet, skriv statssekretær Karl Kristian Bekeng på e-post til Framtida.no.

Bekeng fortel at regjeringa er i gang med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse med øyremerkte midlar.

– Fagfolka er den aller viktigaste ressursen for å gi god hjelp til personar med psykiske lidingar, og derfor vil personell og kompetanse vere eit viktig tema i planen.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap). Foto: Fotograf Esten Borgos, Borgos Foto AS

– Psykisk helse har lenge vore eit satsingsområde – kvifor er det framleis så lange ventekøer i det offentlege? 

– Vi jobbar kontinuerleg med å redusere ventetidene og auke kapasiteten, svarar Bekeng.

Han opplyser at gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta var 63 dagar i 1. tertial 2022. Det har vore ein auke i ventetidene frå same periode i fjor på tre dagar i somatikken og fire dagar i psykisk helsevern.

Han peikar på at det nok er ein betydeleg ettereffekt av koronapandemien. Samstundes har det vore ein betydeleg auke i tilvisingar til psykisk helsevern.

– Og fleire får hjelp. Men ein konsekvens av den store mengda er dessverre noko lengre ventetider.


Samuel Vedå (21). Foto: Privat

Fakta: DPS

  • Distriktspsykiatrisk senter, DPS eller psykiatrisk senter er grunnsteinen i andrelinjetenesta (spesialisthelsetenesta) innan psykisk helsevern.
  • DPS er definert som ei fagleg sjølvstendig eining med ansvar for det allmenne psykiske helsevernet.
  • DPS består av ulike typar tilbod og tenester: dag-, døgn-, polikliniske og ambulante tenester.

Kjelde: Store medisinske leksikon

Fakta: Den gylne regel

  • Den gylne regel inneber at den relative veksten i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) skal vere høgare enn veksten i somatikken for det enkelte år.
  • Veksten skal målast på regionnivå.
  • Stortinget har bestemt at ein skal vurdere kor vidt psykisk helsevern og TSB blir prioritert ved å måle gjennomsnittleg ventetid, ressursbruk i form av kostnader og aktivitet i form av tal på polikliniske konsultasjonar.