Awa (26) frå Iran: «Eg har vore undertrykt og trakassert heile livet»

Awa Rahimpour
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg heiter Awa. Eg er ei kurdisk kvinne frå Iran.

Kanskje de ikkje veit så mykje om kvinner sin situasjon i Iran, men eg veit mykje. Eg kjenner det framleis i blodet mitt og kroppen min.

Eg har vore undertrykt og trakassert heile livet mitt. Eg blei tvungen til å vera stille, skjult og under kontroll alltid. Eg kunne aldri vera meg sjølv.

Eg kunne ikkje gå ut åleine, på vanleg plassar utan å bli trakassert. For eksempel på butikken, på kafé, på bibliotek. Ein mann må alltid vera med kvinnene. Ein far, bror, onkel, ektemann eller andre menn i familien.

Kvinner kan få ei utdanning (eg har ein bachelor i industriell design), men det er veldig, veldig, veldig vanskeleg å ha ein jobb. Det var ikkje mogleg for meg som kvinne i Iran.

Folk meiner kvinner skal halda seg heime, få barn, laga mat og vaska. Nokre kvinner synest kanskje det er ok, men det er ikkje ok at me som kvinner ikkje får velja sjølv kva me vil gjera.

Nokre gonger prøvde eg å bryta det patriarkalske samfunnet sine reglar, men eg blei straffa.

Ingen skal måtte forlata heimlandet sitt, familien sin og alt dei elskar

Desse kulturelle reglane som eg rømde frå var berre for kvinner. For kvinner som er sterke og smarte og som vil vera frie.

Eg synest at alle folk uavhengig av kjønn, rase, seksualitet, politisk, sosial og religiøs orientering skal få leva i eit trygt og rettferdig miljø.

Ingen skal måtte forlata heimlandet sitt, familien sin og alt dei elskar. Ingen skal måtte rømma med eit livredd hjarta.

Gratulerer med dagen alle saman. Takk for meg.


LES OGSÅ: Iransk musikkside sensurerer bort kvinner frå plateomslag

Sigrid vert sensurert vekk på iransk musikkside.