Lærarstudentar får ikkje praksis på grunn av streiken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Høgskulen på Vestlandet er det til saman 95 studentar ved grunnskulelærarutdanninga og ved lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag som er ramma av streiken. Desse studerer anten i Bergen eller på Stord, skriv VG.

Studentane skulle byrja i praksis denne veka, men det vart det ingenting av, fordi lærarane som skulle følgje dei opp i den tre veker lange praksisperioden, er tekne ut i streik.

Ingen nye svar

Førre fredag sende høgskulen melding til studentane om at den førebels ikkje hadde nokon nye svar. Dei fekk beskjed om å halde seg oppdatert og ta omsyn til beskjed frå praksislærar eller rektor.

– Praksisadministrasjonen er i tett dialog med leiinga ved fakultetet. Tysdag denne veka vart problemstillinga løfta til nasjonalt nivå, heitte det i meldinga.

Absurd situasjon

Masterstudent Yvonne Jeanette Selland-Dalseide (23), som er i sitt siste år ved lærarutdanninga, seier til avisa at ho finn heile situasjonen absurd.

– Vi har høyrt at vi ikkje vil få vitnemål til våren, viss vi ikkje fullfører praksisen dette semesteret. Det betyr at vi risikerer å måtte gå eit ekstra år. Det kjennest heilt vanvitig når vi veit kor stort behov det er for nye lærarar, seier ho.


Jonas Bratland, formidlingsansvarlig i elevrådsstyret på Amalie Skram VGS. Foto. Privat/Løken /wikimedia